Kriterier for askespreiing
Askespreiing kan skje om den avdøde sjølv fekk innvilga søknad om askespreiing, eller om det etterpå blir vist at den avdøde ynskte askespreiing. Løyve kan òg bli gitt for avdøde barn om foreldra ynskjer det. Det er ingen klare vilkår for når og kor askespreiing kan skje, men det er gitt nokre rettleiingar som statsforvaltaren må halda seg til når ein søknad blir vurdert. Desse rettleiingane gjev til kjenne at askespreiing stort sett berre kan bli tillate på opent hav og på høgfjellet, og at det ikkje kan skje nær bebuar eller der folk elles held til. Statsforvaltaren kan settja fleire vilkår for løyvet.
Søknad om askespreiing
Du må senda ein skriftleg søknad om å få innvilga askespreiing.
Mulighet for klage
Du kan klaga på vedtaket innan tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen sender du til Statsforvaltaren. I klagen skal du seia kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Klageinstansen er Barne- og familiedepartementet. Før klagen blir sendt dit, skal Statsforvaltaren sjå om det er grunn til å endra det. Om vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til departementet.