Langtidsopphald Åseralsheimen

Langtidsopphald i institusjon er for personar med omfattande og langvarig behov for helse- og omsorgstenester gjennom heile døgnet, der hjelpebehovet er lite føreseieleg og kan ikkje tidfestast.

Langtidsopphald blir tildelt når dette er det einaste tilbodet som kan sikre at personen får naudsynt og fagleg forsvarleg helsehjelp.

Kven får plass?

Tildeling skjer ut frå søknad, helseopplysningar og vurdering av individuelle behov.

Naudsynt informasjon for tildeling

Før tildeling eller plass på venteliste blir det innhenta:

  • opplysingar frå pasient/brukar og frå pårørande/verje
  • opplysingar frå heimetenesta dersom søkjar mottar heimetenester
  • dokumentert kartlegging inkludert oppdatert IPLOS-registrering
  • medisinske opplysingar frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta

Vedtak og grunngjevingar

Det er inntaksnemnda i kommunen som handsamar søknaden og fattar vedtak, og det er forskrifta for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad i Åseral kommune som ligg til grunn.

Informasjon for ektefelle eller sambuar

Ektefelle/sambuar til ein person som får eller har fått langtidsopphald, kan etter søknad få bu saman med ektefelle/sambuar dersom dette let seg gjennomføre i praksis.

Korleis søkje om plass

Du kan søke via dette skjemaet: Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)

Kostnad for langtidsopphald

Betaling for langtidsopphald er regulert i forskrifta om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.

Kor mykje du skal betale avheng av din økonomi, og det vil bli innhenta naudsynte inntektsopplysingar for å gjere ei slik berekning.

Relevante lover og forskrifter

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2a

Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester

Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad i Åseral kommune

Pasient- og brukarrettigheitslova kap 7 (klage)