Kven får plass?
Tildeling skjer ut frå søknad, helseopplysningar og vurdering av behov. Inntaksnemda i kommunen handsamar søknad og gjer vedtak om planlagde opphald. Det kan vere aktuelt med utfyllande opplysingar frå fastlege. I nokre høve er det spesialisthelsetenesta som søkjer om opphald på vegne av pasient etter sjukehusopphald. Desse søknadane blir handsama fortløpande av ansvarleg sjukepleiar.
Slik søkjer du om plass
Du kan søkje via dette skjemaet: Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)
Kva kostar det?
Betaling for korttidssopphald er regulert i Forskrift om eigenandel for kommunale helse og omsorgstenester.
For tida er prisen 200 kr per døgn (2025). I dei høva ein passar 60 døgn per kalenderår vil betalinga endre seg, og utrekning skjer då etter vederlagsberekning for opphald i institusjon. Kommunen vil då innhente naudsynte opplysingar om inntektsforhold.
Lover og forskrifter
Helse- og omsorgstenesteloven
Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester §§ 3-4
Pasient- og brukarrettighetslova kap 7 (klage)