Frisør
Det er tilbod om frisør i samband med «Open dag» den første tysdagen i kvar månad. Dette tilbodet er for dei som bur på Åseralsheimen og heimebuande som er på "Open dag" på aktivitetssenteret.
Bestill time ved å ringe Åseralsheimen på tlf: 900 37 286
Fotpleie
Margareth Smith Omdal er fotterapeut (med fordjuping i diabetes) og driv Fokus Fotterapi i Vennesla. Ho kjem hit og har tilbod om fotpleie omlag kvar 6-8 veke ut frå behov. Dette tilbodet er for dei som bur på Åseralsheimen og andre heimebuande.
Bestill time ved å ringe Åseralsheimen på tlf: 900 37 286