Avlastingopphald på institusjon

Avlastingsopphald på institusjon er eit tidsavgrensa opphald i sjukeheim. Kommunen skal tilby naudsynte avlastingstiltak til pårørande og andre med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Målet er å førebygge overbelastning og gje tiltrengde kvilepausar i kvardagen. Avlasting har også som mål å sørge for naudsynt og regelmessig ferie og fritid for den som har omsorg for andre. Opphaldet kan variere i lengde, og skal vere individuelt tilpassa. Det mest vanlege er ei veke eller to, og nokre kan ha fast rullering gjennom året.

Kven får plass?

Det er den pårørande som søkjer om avlasting. Den det søkast avlasting frå skal, som hovudregel, signere/samtykke til søknaden. Søknaden bør skildre dei daglege omsorgsoppgåvene du gjer.

Det er inntaksnemnda i kommunen som handsamar søknad og gjer vedtak.

Slik søkjer du om plass

Du kan søkje via dette skjemaet: Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)

Kva kostar det?

Avlasting på institusjon er gratis.

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstenestelova § 3-6 (2)

Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester § 1

Pasient- og brukarrettighetslova § 2-8

Pasient- og brukarrettighetslova kap 7 (klage)