§ 1. Eigedom
SFO eiger og drivast av Åseral kommune. Hovedkomiteen for oppvekst og levekår (HOL) er kommunen sitt politiske organ for SFO-saker. Tilbodet er plassert ved Åseral barneskule og ungdomsskule. SFO-tilbodet er for barn frå 1. til 4. klasse og barn med spesielle behov i 5. til 7. klasse. Einingsleiar har ansvar for organisering av tilbodet i samsvar med opplæringslova § 4-5 og forskrift om nasjonal rammeplan for skulefritidsordninga, og har det administrative og økonomiske ansvaret for drift av SFO. Dagleg leiar er fagleg og pedagogisk ansvarleg for opplegg. SFO drivast etter opplæringslova med forskrifter, sentrale pålegg, kommunale vedtak og skuleplanar.
§ 1.1. Forsikring
Kommunen har ansvar for barna når dei er på SFO. Barna i SFO-ordninga er forsikra i høve til skulen sin forsikringsordning. Foreldre har ansvar for transport av barna til og frå SFO. Elevar som har ein plass i SFO, jf. opplæringslova § 4-5, og som treng transport på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis transport til og frå skulefritidsordninga. Rettigheita gjeld ikkje transport i skuleferiane. Rett til transport gjeld uavhengig av avstanden mellom heimen og SFO.
§ 2. Formål
SFO er regulert i opplæringslova § 4-5.
Alle barn skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring, jf. opplæringslova § 12.
§ 3. Opptak
Opptaksmynde er rådgjevar oppvekst og einingsleiar saman ved skulen.
Hovudregelen er at alle som søkjer ved ordinært opptak skal få plass.
Einingsleiar gir svar på søknad om plass i SFO. Om det blir ledige plassar i løpet av året, blir desse delt ut av einingsleiar.
§ 3.1. Søknad om opptak
Kunngjering om frist for søknad om plass i SFO neste skuleår skjer i februar. Dette skjer på heimesida til skulen og kommunen, og på Facebook-sida til kommunen. Skulen sender informasjon om søknadsfrist o.l. til foreldre i 1. klasse neste haust. Søknadsfristen er 1. mars.
Foreldre søker SFO-plass via oppvekstportalen på kommunen si heimeside. Om foreldre ikkje har høve til å søke elektronisk, hjelper skulen dei med søknadsprosessen.
§ 3.2. Opptaksperiode
Hovudopptak av barn til SFO for neste skuleår skjer i vårsemesteret. Opptaket gjeld for eitt skuleår. Einingsleiar gjennomfører hovudopptak innan april. Skriftleg melding om opptak blir sendt søkarane så snart som mogleg (enkeltvedak).
§ 3.3. Klage på vedtak om opptak i SFO
Klageretten følger av forvaltningslova § 28. Fristen for å klage er 3 veker frå det tidspunkt søker mottar vedtaket, jf. forvaltningslova § 29. Klagen framsetes skriftleg til kommunen.
§ 3.4. Endring og oppseiing av skulefritidsplassen
Tildelt plass i SFO gjeld for eitt skuleår eller til den blir sagt opp av foreldre/foreldre. Oppseiingstida er 1 – ein – månad, rekna frå den 1. i neste. Oppseiingsreglane gjeld også for reduksjon av timetal per veke.
Oppseiing av plass / endring av timetal skal sendast skriftleg til einingsleiar. Endring av opphald kan skje to gonger årleg. Dette for di kvaliteten på SFO-tilbodet, og stabiliteten for personalet. Ved behov for endring av SFO-plass på grunn av endra livssituasjon, ta kontakt med skulen.
Kommunen kan gjennom enkeltvedak sei opp plassen om spesielle forhold krev det. Ved fleire uregelmessige frammøte av barnet, kan einingsleiar sei opp plassen til barnet med ein månads oppseiingsfrist.
§ 4. Foreldrebetaling
Fra januar 2023 vart det vedtatt gratis SFO for alle som går i 1.–4. klasse. Noe er statleg finansiert, og resten er kommunalt vedtatt. Det er gratis måltid på SFO kvar ettermiddag. På onsdagar blir det også servert lunsjmåltid.
Gebyrsats for sein henting og manglande fråværsmelding
Om barnet ikkje blir henta til avtalt tid, vil det bli rekna kr 150 per dag.
Om barnet er påmeldt og melding om fråvær ikkje er gitt innan kl. 16 dagen før vil det bli rekna 300,– per dag. Ved sjukdom kan det gis beskjed same dag innan kl. 9.
§ 5. Areal for leik og opphald
SFO bruker skulen sine lokale og uteområde, samt idrettshall og symjehall til sine aktivitetar.
§ 6. Dagleg opphaldstid og årsleg opningstid
Dagleg opphaldstid er:
- 06.45–8.20 og 14.00–16.30 måndag, tysdag, torsdag og fredag
- 06.45–16.30 onsdag.
SFO sine opningstider følgjer vedtatt skulerute.
Feriane og fridagane
SFO har opent heile året med unntak av:
- veke 28, 29 og 30
- 6 planleggingsdagar i året
- 24. desember og 31. desember
- frå kl. 12 onsdag før skjærtorsdag.
SFO held open i sommar-, haust-, jule- og vinter- og påskeferie dersom det er 3 born eller meir som søker SFO. Eige søknadsskjema vert sendt ut i god tid.
Påmeldingsfristar for ferie- og fridagar
• Haustferie: 1. september
• Julferie: 1. desember
• Vinterferie: 15. januar
• Påske: 1. mars
• Eventuelle fridagar etter påske og fram til skuleslutt: 1. april
• Sommarferien: 15. mai.
§ 7. Bemanning
Dagleg leiar vurderer støtt at bemanninga er forsvarleg. Dette vil være avhengig av antal born og individuelle behov.
Dei tilsette i SFO er normalt fagarbeidarar.
§ 8. Foreldrekontakt – FAU
Det skal arrangerast eit foreldremøte kvar haust. Brukarane vel her to foreldrerepresentantar som skal sitje i FAU ved skulen.
§ 9. Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar
Om ein samarbeider med frivillige lag og organisasjonar og deira tilbod er ein integrert del av kommunalt SFO-tilbod, vil desse tilboda være opne for alle.
§ 10. Innføring av vedtekter og vedtaksendringar
Vedtektene for SFO ved Åseral barne- og ungdomsskule er revidert i Hovudutval for oppvekst og levekår (HOL) i sak 24/00471. Vedtektene trer i kraft 21. januar 2025.
Kommunedirektør kan gjere mindre endringar i vedtektene mot melding til HOL.