Søke plass SFO

SFO er eit omsorgs- og fritidstilbod før- og etter skuletida for 1.-4. årstrinn og for barn med spesielle behov på 1.-7. årstrinn.

Kommunen skal leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar i skulefritidsordninga. Aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. I skulefritidsordninga skal barna få omsorg og bli passa godt på, og barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår

Logg inn via oppvekstportalen

Dersom du er folkeregistrert i Åseral kommune, er det viktig at du loggar deg inn før du søkjer om barnehage-/SFO-plass. Dette for å kontrollere at opplysningane som er registrert på deg og din familie er korrekte, samt for å kunne legge til korrekt kontaktinformasjon (telefonnummer og e-postadresse). Innlogging skjer ved bruk av ID-porten. (Dersom du er usikker på om du er registrert, kan du forsøke å logge deg inn.)
Dersom du ikkje kan logge deg inn ved bruk av ID-porten (dvs. dersom du ikkje har norsk fødselsnummer, ev dersom du per i dag ikkje er folkeregistrert i Åseral kommune), så kan du søkje utan å vere innlogga.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. mars

Krav til søkjar

Du kan søkje om SFO plass i kommunen utan at barnet bur i kommunen, men barnet må ha bustad i kommunen ved oppstartdato.
Du må oppgi epostadresse og mobilnummer, samt fødsels- og personnummer på fakturamottakar.
Oppgi ønska startdato. Ved hovudopptaket er oppstart 15. august. Dersom søknad sendast etter skolestart om hausten, må oppstartsdato avklarast med SFO-leiar

Endring av plass

Endring av plass skal skje elektronisk via Oppvekstportalen via ID-porten. Endringar for kommande skoleår må skje innan 01.05 kvart år.

Betalingsinformasjon

Ved oppseiing eller reduksjon av plass betalast det for inneverande og påfølgande månad.

Søknadsbehandling

Søknad om SFO plass skal sendast elektronisk. (NB! Nytt system frå hausten 2025)

Tildeling og fornying av plass

Tildeling av plass skjer ved særskilt tildelingsbrev (enkeltvedtak) og gjeld frå startdato til utgangen av 4. årstrinn eller til plassen eventuelt blir sagt opp skriftleg på eit tidlegare tidspunkt. Det treng ikkje søkjast særskilt kvart skoleår.

Spesielle behov

Barn med spesielle behov må søkje om nytt opptak ved overgang til 5. årstrinn.