Oppseiing eller permisjon

Oppseiing skal skje via skjema. Oppseiinga skal så stadfestast skriftleg av skulen. 

Ved vesentleg misleing av foreldrebetaling kan kommunen fråta plass i SFO, men kommunen skal fyrst nytte vanlege innkrevingsrutiner for uteståande krav. 

Oppseiingsfrist

Det er 1 månads oppseiingsfrist gjeldande frå den 1. i påfølgjande månad. Ved oppseiing etter 1. april må det betalast til og med juni månad. Endring av plass skjer den 1. i påfølgjande månad.

Permisjon frå SFO

Søknader om permisjon blir berre innvilga om det er særskilt behov for permisjon, som til dømes alvorleg sjukdom hos barnet. Ferie gir ikkje grunnlag for permisjon.

Permisjonssøknad SFO

Send utfylt søknad til skulen.