Om SFO i Åseral

Åseral kommune sitt SFO-tilbod

SFO held til i eit eige rom i 1. etasje på skulen. Her har vi leiketårn, puter, diverse leiker, teikesaker og spel.

Vi bruker også uteområdet ved skulen.

SFO sin rolle og funksjon

SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod utan pensum og fagplanar, men er likevel ein del av skulen si verksemd.
Barnas frie leik har difor ein sentral plass i kvardagen på SFO.
Gjennom leiken tilegnar barna seg kunnskap, ferdigheiter, verdiar og haldningar. Dette gir dei moglegheit for vekst, utvikling og sosialisering.

Tydinga av leik

Leiken gir vener, utfordringar, motgang, øving i å takle konfliktar, glede, humor og moglegheit til å bearbeide opplevingar og kjensler.

Vårt ansvar som tilsette

Dei tilsette skal vere observante og gi støtte i leik og andre aktivitetar. Vi skal vere tilgjengeleg for barna og bidrage til å skape ein inkluderande miljø.

Kombinasjon med kulturskulen

Det er også mogleg å kombinere kulturskulen med SFO. Då går dei som skal ha gitartime opp til musikkrommet, og kan så gå tilbake til SFO når dei er ferdige.

Gratis tilbod!

SFO er gratis for alle som går i 1.-4. klasse. Noko er statleg finansiert, og resten er kommunalt vedteke.
Det er gratis måltid på SFO. Måltida som blir dekka er frukt om ettermiddagane og lunsj på onsdagane.