Tidleg skulestart
Barn som fyller 5 år i perioden 1. januar til 31. mars kan søkje om tidleg skulestart. Søknad sender du til skulen barnet høyrer til. Rektor sender deretter henvisning til Pedagogisk-psykologisk teneste for ei vurdering.
Ny Innbyggjar i Kommunen?
Først og fremst vil vi ynskje deg velkommen til kommunen. Du må gi beskjed til noverande skule om kor du skal flytte slik at naudsynt informasjon kan oversendast frå noverande skule til ny skule. Du treng ikkje søkje om skulebyte ved flytting, men ta likevel kontakt med Åseral barne- og ungdomsskule.
Skuletilhøyre - Nærskuleprinsippet
Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen som ligg nærast heimen. Denne retten omtalast ofte som nærskuleprinsippet. Du kan søkje om å få gå på ei anna skole enn nærskulen. Elevar som søkjer om å få gå ved anna skole enn nærskulen innad i kommunen, skal til vanleg få søknaden innvilga dersom skulen har ledig kapasitet, så lenge innvilgelse av søknaden ikkje fører til kostnader til klassedeling og elevsammensetningen elles gjer det forsvarleg.
Skulebyte til skule utanfor kommunen
I særlege høve kan kommunen innvilge søknad om skuleplass utanfor kommunen. Vert søknad innvilga, får du ikkje skuleskyss sjølv om avstanden er over to/fire kilometer.
Søknadsbehandling
Ein-vedtak om skuleplassering for komande 1. og 8. klassingar vert fatta i april/mai av rektor ved den enkelte skule.
Klage
Du kan klage dersom søknad om skulebyte ikkje vert innvilga. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til kommunen. I klagen må du angi kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing til korleis klagen skal utformast. Får du ikkje medhald av kommunen, vert klagen sendt vidare til Statsforvaltaren i Agder som fatter endeleg vedtak i saka.
Anna Informasjon
Lov om handsamingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 8-1