Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)
FUG blir utnemnd av Kongen i statsråd og er oppteken av:
- Heim-skule-samarbeid
- Å ivareta foreldra sine interesser i skulesamanheng
- Å gi kunnskap om korleis heim-skule-samarbeidet fungerer
- Å gi kunnskap om korleis foreldre kan støtte sine born
- Å setje dagsorden og støtte foreldre når det kjem til sentrale tema som innemiljø, mobbing, foreldremøte, skulearbeid, med meir.
Foreldrerådets Arbeidsutvalg (FAU)
Alle foreldre/foresette som har born i grunnskulen, er medlemmer av Foreldrerådet. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU). Dette blir som oftast gjort ved at kvar klasse vel sine representantar.
FAU skal vere representert i skulen sitt samarbeidsutval.
Samarbeidsutvalet (SU)
SU er skulen sitt øvste rådgivande organ og her er alle partane i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, der rektor skal vere ein av dei.
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
Annan informasjon:
Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)