Ordensreglement

Alle skular har eige ordensreglement som inneheld reglar for oppførsel, reglar for kva tiltak som skal brukast mot elevar som bryt reglementet (sanksjonar) og reglar for framgangsmåten når slike saker skal handsamast (saksbehandlingsreglar).

Skulen sitt ansvar for elevane

Skulen har ansvar for elevane i undervisning, arrangement, ekskursjonar med meir der elevane er under skulen si leiing. Dette inneber at ordens- og åtferdsreglementet gjeld i alle typar undervisningslokale, fellesrom og uteareal og når elevane har undervisning andre stader enn på skulen sitt område, til dømes i prosjekt, leirskule og studieturar. Reglementet gjeld også på skulevegen. Skulen og foreldra har eit felles ansvar for at reglementet også overheldast på skulevegen.

Samarbeid mellom elevar, føresette og tilsette

Skulane skal preges av eit konstruktivt samarbeid mellom elevar, føresette og tilsette, der elevane lærer å sjå seg sjølve som medansvarlege for eit godt fellesskap og der sentrale verdiar som respekt og toleranse blir vektlagt. Skulemiljøet skal fremje helse, trivsel og læring.

Målet med ordensreglementet

Ordensreglementet for skulane skal vere eit verkemiddel for å nå ein slik målsetjing. Reglementet tar utgangspunkt i at skulen er til for at elevane skal ha størst mogleg læringsutbyte og ønske å bruke sine positive ressursar til å bidra til eit godt skulesamfunn for alle.

Ordensreglement for Åseral barne- og ungdomsskule