Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til elevar og deira føresette. Tenesten skal sørge for tilstrekkelig støtte og veiledning som gjer at bornet og familien kan handtere livets mogleheiter og utfordringar. Helsesjukepleiar skal førebyggje sjukdom, skade og uhelse. Ein skal arbeide for gode oppvekstvilkår og minske den sosiale ulikheita i helse. Ein skal arbeide for å forhindre, oppdage og stoppe vald, overgrep og omsorgssvikt. 

Kva kan vi hjelpe deg med?

Skulehelsetenesta er eit tilbod for barn og ungdom mellom 5 og 16 år. Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på. Du kan òg ta kontakt dersom du har ein ven som treng hjelp eller rettleiing. I tillegg tilbyr skulehelsetenesta:
•    Skulestartundersøking (på 1. trinn i barneskulen)
•    Undervising i grupper og klassar om mellom anna fysisk, psykisk og seksuell helse
•    Helsesamtale på 3. trinn
•    Helsesamtale på 8. trinn
•    Vaksinering
•    Ope dør prinsippet, slik at du ikkje treng bestille time

Kva kan du snakke med helsesjukepleiar om?

Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på, og ofte hjelper det å prate med ein trygg fagperson. Du kan få råd og rettleiing om mellom anna: 
•    kropp og helse 
•    pubertet 
•    kjærleik 
•    legning 
•    kjønnsidentitet 
•    venskap 
•    problem med vener eller familie 
•    vanskelige tankar 
•    kjensler 
•    bekymringar 
•    andre ting

Når kan du treffe helsesjukepleiar?

Helsesjukepleiar er til stades på skulen kvar dag. Du kan kome i kontakt med helsesjukepleiar via telefon, e-post, lærar, eller eleven kan sjølv sende melding eller banke på døra.

Kontaktinformasjon

Helsesjukepleiar Britt Enny Haugland 
Mob: 97794602 
E-post: britt.enny.haugland@aseral.kommune.no