Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod før og etter skuletida for elevar i 1. til 4. klasse, og for elevar med særskilte behov i 5. til 7. klasse.
Fristen for å søkje om plass i SFO for det komande skuleåret er 1. mars. For å vera sikker på å få plass, må ein søkje innan fristen.
Slik søker du om SFO-plass
For å søke om SFO-plass logger du deg inn i foresattportalen til Visma:
Søk SFO-plass
Om søknadsprosessen
- Du loggar deg inn med elektronisk ID via ID-porten.
- Etter innlogging får du høve til å velje mellom bokmål, nynorsk eller engelsk som språk.
- Når du har fylt ut nødvendig informasjon i søknaden din, blir den sendt elektronisk direkte frå foresatteportalen.
- Etter at søknaden er sendt, vil du få ei stadfesting på e-postadressa du oppga i søknaden.