Klage på karakter

Kva og kven kan klage på standpunktkarakterar?

Eleven har rett til å klage på alle standpunktkarakterar dersom eleven meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakterar ikkje er fulgt.
Eleven kan klage sjølv, og foreldra kan klage på vegne av eleven fram til han eller ho fyller 18 år.
Eleven eller foreldra kan krevje grunngjeving for standpunktkarakteren før dei kjem med klage.
Det er ikkje klagerett på undervegsvurdering.

Korleis kan eleven og foreldra klage?

Skulen skal informere elevane og foreldra om retten til å klage, klagefrist og kva klagen skal innehalde.
Klagen må vere skriftleg, og signerast av eleven eller foreldra. Det må gå fram kva eleven klager på, og klagen bør innehalde annan relevant informasjon og grunngjevinga for klagen.
Fristen for å klage på standpunktkarakterar er 10 dagar. Fristen går frå den dagen eleven har fått karakteren, eller den dagen han eller ho har fått grunngjevinga.
Klagen skal sendast til skulen.

Korleis skulen skal handsame klagene?

Når skulen har mottatt klage på ein standpunktkarakter, skal skulen sende klagen vidare til Statsforvalter i Agder som skal handsame klagen.
Sammen med klagen skal skulen leggje ved ei grunngjeving for standpunktkarakteren frå faglæraren og ei utsegn frå rektor.
Klagaren skal ha kopi av oversendinga.

Mogleg resultat av klagen

Klageinstansen kan komme til ulike resultat. Innholdet i dei ulike resultata er som følgjer:

  • Ikkje medhald: når klageinstansen meiner vedtaket som er fatta er «riktig»
  • Oppheve: når klageinstansen meiner det er feil ved sakshandsaminga eller liknande og sender saka tilbake til skolen som har fatta vedtaket for å handsame saka på nytt
     

I tillegg kan klageinstansen avvise klagen dersom vilkåra for å klage ikkje er til stades. Då skal det treffast eit avvisningsvedtak.

Når klageinstansen opphevar eit enkeltvedtak og sender saka tilbake til skulen for ny handsaming kan skulen bestemme at:

  • karakteren blir ståande
  • karakteren går opp
  • karakteren går ned
     

Avgjerda skal grunngjevast. Den er endeleg, og det er ikkje mogleg å klage på nytt. Den endelege standpunktkarakteren skal førast på elevens vitnemål eller kompetansebevis.

Annan informasjon

Handsaming av klage på standpunktkarakter - Udir