Elevvurdering

Elevvurderinga har to hovudføremål:

Føremål med Elevvurdering

Å gje informasjon til eleven, lærarar og foreldre undervegs i opplæringa, som utgangspunkt for vidare læring (undervegsvurdering).
Å skildre elevane sin oppnådde kompetanse ved slutten av eit opplæringsløp, gjennom standpunktutforskning og eksamen (sluttvurdering).
Vurdering av kva kompetanse eleven har utvikla bør vere eit viktig grunnlag for samarbeid mellom skule og heim. 
Elevar og føresette skal bli gjort kjent med måla for opplæringa, og med kva som tillegg vekt i vurderinga.

UNDERVEGSVURDERING

Undervegsvurdering skal bidra til betre læring og utvikling hjå elevane, og styrke motivasjonen for vidare læring.
Vurderinga skal også bidra til at elevane får eit godt, tilpassa opplæringstilbod.

Detaljar om Undervegsvurdering

Elevar skal vite kvifor dei blir vurderte, kva som vektleggast i vurderinga, og kva slags vurderingsformer som vert brukt.
All undervegsvurdering skal gjevast med sikte på fagleg utvikling. Elevane skal få råd og rettleiing om korleis dei kan utvikle seg best mogleg i faga.
Elev og føresatte skal jamnleg få informasjon om kva eleven meistrar. Ved avslutninga av kvart halvår skal elevane få ein skildring av kva fagleg kompetanse dei har oppnådd.
På ungdomstrinnet og i vidaregåande skule vert det også gitt karakter. På barnetrinnet vert det skriftleg halvårsvurdering i faga norsk, matte, engelsk og naturfag.

SLUTTVURDERING

Sluttvurderinga (eksamen og/eller standpunktkarakterar) skal dokumentere elevane sin kompetanse når opplæringa i eit fag avsluttast.
Sluttvurderinga vert brukt som grunnlag for søking til vidaregåande skule og høgare utdanning.

Kriteriar for Sluttvurdering

I grunnskulen vert sluttvurdering gitt ved utgangen av årstrinn 10, med unnatak av faget mat og helse som avsluttast på årstrinn 9.
I valfaga vert standpunktkarakter satt når faget avsluttast, uavhengig av årstrinn.

ANNAN INFORMASJON

Les meir om elevvurdering hjå Udir