Åseral barne- og ungdomsskule

Åseral barne-og ungdomsskule er ein 1-10-skule med 110 elevar.
Skulen ligg i kommunesenteret Kyrkjebygd, like ved barnehage og sjukeheim.

Målforma skulen nyttar er nynorsk.

Om skulen vår

Sjølve skulbygningen var ferdigstilt og klar til bruk hausten 1972.
Etter fleire påbyggingar og ombyggingar gjennom åra, er resultatet eit moderne og romsleg skulebygg.

I 2013 fekk ungdomsskulen eige bygg. Ungdomsskulebygget er tilknytt fleirbrukshall, som inneheld idrettshall, symjehall og auditorium som t.d. ungdomsklubben og bygdekinoen brukar. Symjehallen er me så heldige å kunne bruke i alle trinn, heile året.

Uteområdet vårt er stort, med ballbinge, leikeområde, klatreområde og handballbane.
I 2013 blei Åseral Idrettspark ferdigstilt. Dette er eit flott friidrettsanlegg som er bygd like ved skulen, og som er blitt ein viktig del av uteområdet til elevane. I tillegg fekk ungdomsskulen eige uteområde, ein aktivitetspark, som blei ferdigstilt i 2017.

Me har eit uteskuleområde i umiddelbar nærleik til skulen. Dette blir mykje brukt, særleg i dei lågare klassetrinna. Me har også ein park like ved skuleområdet, som blir brukt til ulike aktivitetar, t.d. aking på vinteren.

Skulen sitt motto er: Me kan, me vil og me får det til!

Skulen sin visjon

TRYGGLEIK, TRIVSEL OG LÆRING

Skuletider

TrinnMåndagTysdagOnsdagTorsdagFredag
1.08:20-14:0008:20-14:00Fri08:20-14:0008:20-14:00
2.08:20-14:0008:20-14:00Fri08:20-14:0008:20-14:00
3.08:20-14:0008:20-14:00Fri08:20-14:0008:20-14:00
4.08:20-14:0008:20-14:0008:20-12:1008:20-14:0008:20-14:00
5.08:20-14:0008:20-14:0008:20-12:1008:20-14:0008:20-14:00
6.08:20-14:0008:20-14:0008:20-12:1008:20-14:0008:20-14:00
7.08:20-14:0008:20-14:00

Høstsemesteret: 8:20-12:10

Vårsemesteret: 08:20-14:00

08:20-14:0008:20-14:00
8.08:20-14:0008:20-14:0008:20-14:0008:20-14:0008:20-14:00
9.08:20-14:0008:20-14:0008:20-14:0008:20-14:0008:20-14:00
10.08:20-14:0008:20-14:0008:20-14:0008:20-14:0008:20-14:00

I tabellen ser du start- og sluttidene for dei ulike klassetrinna.

Leksehjelp

Elevar som går på SFO har moglegheit til å benytte seg av leksehjelp på SFO.
 

5. og 6. trinn kan benytte seg av leksehjelp etter avtale

7. - 10. trinn har tilbud om leksehjelp onsdagar frå kl 14:00 til 16:00.

Leksehjelp varar i 60 minutt, og er for dei som ønskjer det. 

Meir informasjon

Åseral barne- og ungdomsskule hadde fram til 2025 eigne nettsider. Disse vart deaktivert hausten 2025. 

No er informasjon om skulen samla her, på kommunen sine nettsider, medan informasjon frå skulen til føresette og elevar vert lagt i Visma Min skule-appen og Visma føresattportal.

Informasjon om korleis du lastar ned appen og kva du finn der, kan du lese om her: Kontakt mellom heim og skule

 

Her finner du skolen

Besøksadresse: Bordalen 2, 4540 Åseral

Postadresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral