Årsaker for tilvising til Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT)
- Mistanke om forseinka utvikling
- Språk- og kommunikasjonsvanskar
- Lærevanskar
- Fagvanskar
- Konsentrasjons- og merksemdsvanskar
- Åtferdsvanskar
- Sosiale og emosjonelle vanskar
- Funksjonshemming
Krav til skulen før tilvising
Før ein elev blir tilvist til PPT, må skulen vurdere om eleven kan få hjelp innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Skulen må også prøve ut tiltak innanfor tilpassa opplæring. Dersom eleven framleis ikkje har tilstrekkelig utbyte av opplæringa, skal skulen tilvise til PPT.
Søknadsprosess for tilvising til PPT
- Ta kontakt med aktuell skule/elevens skule. Skulen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak
- Skulen tilviser til PPT (Pedagogisk-psykiatrisk teneste)
- PPT utarbeider sakkunnig vurdering av elevens behov for særskild undervisning og gir deretter råd om kva slag opplæringstilbod som bør gis. Dei skal svare innan 90 dagar
- Dersom den sakkunnige vurderinga konkluderer med at eleven ikkje har tilfredsstillande utbyte av ordinær opplæring, skal rektor ved den enkelte skule fatte vedtak om særskild undervisning
- Elev og foreldre skal vere samd før enkeltvedtak om særskild undervisning vert fatta
Kven kan tilvise til PPT?
Foresette, barnehage, skule, helsesøster, lege, spesialhelseteneste og andre instansar kan tilvise til PPT. Er personen under 15 år, så skal det alltid føreligge samtykke frå foreldra. Ein person som har fylt 15 år, kan tilvise seg sjølv – utan samtykke frå foreldre.
Klageprosess
Foresette kan klage på enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp. Klagen skal sendast inn. Dersom vedtaket blir oppretthaldt, blir saka sendt til Statsforvaltar i Agder for endeleg handsaming.
Annan viktig informasjon
Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Lov om handsaminga i forvaltningslova