Logopedane arbeider med vanskar knytta til uttale-, stemme-, taleflytvanskar (stamming eller løpsk tale) og afasi. Kommunen har tilsett logopedar som gir eit tilbod til grunnskulen og i vaksenopplæringa.
Logopedane tilbyr ein kombinasjon av direkte trening og rettleiing. Hjelpa blir gitt i ein kort periode eller fleire gongar i løpet av skuleåret.
Tilvisning til logopedi
Barn som treng logopediske tenester skal alltid ha tilvisning frå skulen sitt ressursteam med grunnlag i informasjon frå heimen, kontaktlærar, spesialpedagog og/eller etter ei sakkyndig vurdering utarbeida av PPT.
Tilbudet for elever ved vaksenopplæring
For elevar ved vaksenopplæringa vil tilbodet bygge på ei sakkyndig uttale frå PTT og det er rektor som sender tilvisning til logopedtenesta.