Midt-Agder PPT dekker kommunane Vennesla, Iveland, Evje og Hornnes og Åseral
PP-tenesta skal hjelpe barn, elevar, og vaksne med naudsyn for særskilde tilretteleggingar. Hensikten er at dei får eit inkulderande, likeverdig og tilpassa tilbod. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skuler med å legge tilrett for barn og elever med særskilde behov.
Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT) er kommunens sakkyndige instans, heimla i opplæringslova § 5-6, og barnehagelova § 19c.
I følgje barnehagelova og opplæringlova kjem det fra: "Tenesta skal hjelpe skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre tilrette for elevar og barn med særskilde behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig-vurdering der lova krev det."
PPT
PPT er sakkyndig i forhold til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning for barn i alderen 0-16 år og vaksne som har rett til spesialundervisning på grunnskolen sitt område (ikkje vidaregåande skule/universitet/høgskule). PPT er også sakkyndig i forhold til utsett/framskoven skulestart og behov for alternativ skulekvardag/fritak for opplæringsplikta. PPT skal sørgje for at det blir utarbeidd en sakkyndig-vurdering der lova krev det.
Dersom du søkjer hjelp for vidaregåande opplæring er rette instansen OT (VAF).
Våre arbeidsområde
- Sakkyndig-vurdering av spesialpedagogiske tiltak for barn i førskulealder
- Sakkyndig-vurdering for elever i grunnskolen
- Sakkyndig-vurdering for vaksne med rett til spesialundervisning på grunnskolens område
- Rettleiing til barnehage/skule i ressursteam
- Støtte/medhenvisning til andre instansar
Før ein eventuelt henvisar til PPT må barnehage/skule vurdere om barnet kan hjelpast innanfor det ordinære opplæringstilbodet, og det må også ha blitt prøvd ut tiltak i barnehage/skule.
PPT stiller krav til kartlegging frå barnehage/skule før ein eventuell henvisning, jfr. pedagogisk rapport og system for kartlegging. Alle barnehagar/skular skal diskutere eventuell sak med PPT før henvisning.
Saksgang
1. Foreldre (fortrinnsvis i samarbeid med barnehage/skule) sender henvisning til PPT.
2. PPT vurderer etter utgreiing om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehage/spesialundervisning i skule.
3. Dersom tilråding av spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, er det einingsleiar i barnehage eller skule som skal fatte einskildvedtak.
Ver merksam på at PPT ikkje driv utøvande Spesialpedagogisk hjelp/Spesialundervisning. Barnehage/skule har ansvar for den utøvande hjelpa.
Årsaker for henvisning til PPT
Årsaker for henvisning til PPT kan vere mange og samansette:
- Mistanke om forseinka utvikling
- Språk- og kommunikasjonsvanskar
- Lærevanskar
- Fagvanskar
- Konsentrasjons- og merksemdsvanskar
- Atferdsvanskar
- Sosiale og emosjonelle vanskar
- Funksjonsnedsetting
Krav til skulen og barnehagen
Før en elev eller eit barn vert henvises til PPT må skulen/barnehagen sjølv vurdere om eleven/barnet kan hjelpast innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Skulen/barnehagen må også prøve ut tiltak innanfor tilpassa opplæring. Dersom eleven/barnet framleis ikkje har tilstrekkelig utbyte av opplæringa skal skolen/barnehagen henvisa til PPT.
Søknadsprosess
Ta kontakt med skule/barnehage. Skulen/barnehagen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak.
Skulen/barnehagen viser til PPT (Pedagogisk-psykiatrisk teneste).
PPT utarbeidar sakkunnig vurdering av elevens/barnets behov for spesialundervisning og gjev deretter råd om kva slags opplæringstilbod som bør gis.
Dersom sakkunnig-vurdering konkluderer med at eleven/barnet ikkje har tilfredsstillande utbyte av ordinær opplæring, skal einingsleiar ved skule/barnehagen fatte vedtak om spesialundervisning.
Eleven og foreldre skal samtykke før enkeltvedtak om spesialundervisning blir fatta.
Kven kan henvise?
Føresette, barnehage, skole, helsesyster, lege, spesialisthelseteneste og andre instanser kan visa til PPT. Er personen under 15 år, skal det alltid føreligge samtykke frå føresette. En person som er fylt 15 år, kan visa seg sjølv – utan samtykke frå føresette.
Klage
Føresette kan klage på enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp. Klagen sendast til organet som har handsama vedtaket. Dersom vedtaket blir oppretthalde, blir saka sendt til Fylkesmannen i Agder for endelig handsaming.
Lenkjer
Vegvisar for Spesialundervisning - UDIR
Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Lov om handsamingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)