Vedtekter for Åseral barnehage

Vedtektene ble vedtatt av Åseral kommunestyre sak 99/0001. Endra av Oppvekst og kultur utvalet sak 01/0005, sak 04/0026, sak 06/00128, sak 09/23, sak 11/20, sak 13/4, sak 16/26.

Endra av Hovudutvalet for oppvekst og levekår sak 17/116, sak 18/22, sak 11/23

Gjerast gjeldane frå 15.08.2023

§ 1 - Eigarforhold og drift

Åseral kommune eig og driv Åseral barnehage. Barnehagen skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, Rammeplanen for barnehagar, dei av departementets til ein kvar tid gjeldande forskrifter og retningsliner, samt kommunale vedtak. Barnehagen fylgjer kommunen sitt internkontrollsystem.

Kommunen sitt politiske organ for barnehagesaker

Hovudutval for oppvekst og levekår (HOL) er kommunen sitt politiske organ for barnehagesaker. Einingsleiar i barnehage har det administrative ansvaret for barnehagen.

Årsplan for barnehagen

Det vert utarbeidd årsplan for barnehagen. Årsplanen skal godkjennast av samarbeidsutvalet. Dei einskilde avdelingane lagar utviklingsplanar/periodeplanar som beskriv mål og innhald for arbeidet på avdelingane.

§ 2 - Formål

Lov om barnehagar, §1,  første lekkje, definera føremålet slik:

”Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åttefridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.” (barnehageloven § 1, 1. lekkje)

§ 3 - Opptak

Hovudopptak skjer kvart år med søknadsfrist 1.mars...

Opptakmynde og suppleringsopptak

Opptakmynde er rådgjevar oppvekst og einingsleiar i barnehagen i samarbeid...

§ 3.1 - Opptaksområde

Åseral kommune har eit opptaksområde.

§ 3.2 - Opptakskriterium

Barn med nedsett funksjonsnivå...

Opptaksperiode og redusert barnetal

I særskilte høve (t.d integrering av funksjonshemma barn) kan opptakmynda vedta å setje ned barnetalet i dei einskilde gruppene.

§ 3.3 - Opptaksperiode og oppseiing

Eit barnehageår startar 15. august og varar til 14.august neste år...

Oppseiingsfrist og endring av barnehageplass

Foreldra har ein månads oppseiingsfrist for barn som har fått plass i barnehagen, same frist gjeld betaling...

Misleghald av betaling og uregelbunde oppmøte

Ved fleire uregelbunde oppmøte av barnet, kan opptakmynda oppheva plassen til barnet med ein månads oppseiingsfrist. Ved eventuell misleghald av betaling, vil opptakmynda avgjera om det er grunnlag for vidare opphald i barnehagen. Det kan bli aktuelt at kommunen må seia opp barnehageplassen.

§ 4 - BARNAS OG FORELDRENES MEDVERKNAD

For å sikre samarbeid med barnas heim, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval, jfr. Barnehageloven § 4 m/merknader.

Barnas medverknad

  • Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglege drift.
  • Barn skal regelmessig få mulighet til aktiv deltagelse i planlegging og vurdering av barnehagens drift.
  • Barnets synspunkt skal tillegges vekt i samsvar med barnets alder og modenhet. Jfr. Barnehageloven § 3

Foreldreråd og samarbeidsutval

Foreldrerådet består av foreldre/førsette til alle barna i barnehagen.

Samarbeidsutvalet består av foreldre/førsette, ansatte i barnehagen og representant frå eigarsida. Representanten frå eigar sida følger kommunestyreperioden. Representantane frå foreldre/førsette og ansatte blir valt for to år. Utvalet skal ha like mange representantar frå kvar gruppe. Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Eningsleder for barnehage møter med tale – og forslags rett og er sekretær for utvalet.

Representasjon i utvalget

2 representantar valgt av foreldrerådet med vara
2 representant valgt av dei ansatte med vara
2 representant valgt av kommunen med vara

§ 5 - ÅPNINGSTID

Barnehagens åpningsperiode og ferier

Barnehageåret blir rekna frå 15. august til 14. august året etter. Barnehagen er helårsopen. Men alle barn må kvart år ha 4 veker ferie, 3 veker må takast samanhengande om sommaren. Barnehagen har stengt uke 29 og 30, barna må ha ferie 1 uke før eller 1 uke etter denne perioden, slik at dei totalt har fri 3 uker samanhengande om sommaren. Den 4. ferieveka kan takast saman med sommarferien, eller på eit anna tidspunkt i løpet av barnehageåret. Det må vere 4 barn pr. dag i feriar for at barnehagen skal vere open. Dette gjeld juleferie, påskeferie og sommarferie. Sommarferien reknast i perioden medio juni til medio august. Det skal meldast frå til foreldra om eventuell stenging i samband med oppsett av ferieplan. Spørsmål om sommarferie blir sendt ut i god tid, slik at personalet sin ferie kan koordineres med barna sin ferie.

Barnehagen har stengt jula- og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.

Planleggingsdager og åpningstider

Barnehagen har 5 planleggingsdagar i året. Desse dagane er barnehagen stengt.

Åseral barnehage er open måndag til fredag 9 timar og 45 minutt kvar dag (06.45 – 16.30). Barnet kan vere i barnehagen 9 timar pr. dag, jamfør vedtak i kommunestyret 28.06.18. Barnet må ha barnehageplass minimum to dagar pr. veke i barnehagen, opphaldstida ein betalar for er 9 timar pr. dag sjølv om ein vel å bruke mindre timar pr. dag. Det er mogeleg med turnusplass slik at barnet går ulike dagar kvar veke, berre dei har to dagar kvar veke som minimum.

§ 6 - RETT TIL GRUNNGJEVING

Søker som ikkje får ønske oppfylt når det søkast barnehageplass, kan krevje ei skriftleg grunngjeving for kvifor barnet ikkje har fått ønska plass. Ved supplerande opptak kan berre søkar til barnehagen med lovfesta rett til prioritet krevje slik grunngjeving dersom ein ikkje tilbyr plass.

§ 7 - KLAGERETT

Ved hovudopptak kan søkar klage på avslag om søknad om barnehageplass. Ved supplerande opptak kan berre søkarar til barnehagen med lovfesta rett til prioritet etter barnehagelova § 18 klage dersom dei ikkje blir tilbydd plass.

Klagen framsetes skriftleg til kommunen. Får ein medhald i klagen, får barnet barnehageplass eller står på venteliste og blir tilbydt plass så raskt som mogeleg. Får ein avslag på klagen, er kommunen si klagenemnd siste klageinstans.

§ 8 - FORELDREBETALING

Opphald

Kommunen fastsett sats for foreldrebetaling ut i frå statlege reglar for makspris. Foreldrebetaling betalast for 11 månader i året. Manglande betaling kan føre til oppseiing av barnehageplassen. Ved opptak av barn i barnehageåret reknar ein full månadsbetaling ved opptak før den 15. i kvar månad, og halv månadsbetaling ved opptak f.o.m. den 15. og seinare i kvar månad.

Etter lovgivningen blir det gitt 30 % søskenmoderasjon for barn nr. 2. For det 3. barnet og eventuelt fleire barn, har Stortinget vedtatt gratis barnehageplass frå hausten 2023.

Det kan bli gitt fråtrekk i betaling ei veke knytt til jul (det må utgjere ei samanhengande kalenderveke) og ei veke knytt til påske dersom dei melder frå skriftleg til barnehagen. Dette kan kome som tillegg til dei 4 vekene med ferie som barna må ha kvart år. Juli er betalingsfri månad.

Ferien blir trekt frå for kvar heile veke barnet har fri. Dersom barnehagen er stengt enkeltdagar i ferien grunna for få barn, er det ikkje fråtrekk i betaling dersom ikkje barnet har fri heile den aktuelle veka.

Det er ingen frådrag i betaling for enkeltdagar t.d. sjukdom.

Opphald og ekstrakostnad

Barnehagen sel dagar i tillegg til fast opphaldstid. Det er ikkje mogeleg å byte planleggingsdag med anna barnehagedag dersom planleggingsdagen fell på barnet sin ordinære barnehagedag. Dette gjeld også for heilagdagar som fell på barnehagedagar.

Rekning for opphald i barnehagen blir sendt ei gong pr. månad. Juli er betalingsfri månad, denne månaden gjeld trekk for ferie.

Åseral kommune har rutinar for søknad om redusert foreldrebetaling. Søknad sendast til Åseral kommune ved rådgjever oppvekst.

Kost

Det er gratis kost i barnehagen frå 1. januar 2023.

§ 9 - LEIKE OG OPPHALDSAREAL

Åseral kommune fylgjer departementets rettleiande norm for barns leike og opphaldsareal: Netto leike og opphaldsareal inne i barnehagen er minimum 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,3 kvm. for barn under 3 år. Uteområdet skal vere om lag 6 gonger større enn netto leike og opphaldsareal inne.

§ 10 - FORSIKRING

Barna er dekka av kollektiv ulykkesforsikring for opphald og reise til/frå barnehagen. Ytinga er den same som for skulebarn.

§ 11 - HELSE

Barna
Etter lov om barnehagar, § 50, skal helseattest frå lege/erklæring frå foreldre føreligge før barnet kan starta i barnehagen.

Personalet
Er pliktige til å gjennomgå tuberkulosekontroll jamfør gjeldande regelverk.

§ 12 - POLITIATTEST

Etter lov om barnehagar § 30, må alle som arbeider og oppheld seg regelmessig i barnehagen legge fram tilfredsstillande politiattest før dei tek til i arbeid.

§ 13 - TEIE- OG OPPLYSNINGSPLIKT

Medlemmane i Hovudutval for oppvekst og levekår (HOL), barnehagens samarbeidsutval samt barnehagens personale skal fylgje Lov om barnehagars § 44 om teieplikt.

Barnehagepersonalet er også forplikta på: Opplysningsplikt til sosialtenesta, og § 45 Opplysningsplikt til barnevernstenesta § 46

Vedtekter og vedtektsendringar

Vedtektene for Åseral barnehage er revidert i Hovudutval for oppvekst og levekår (HOL) i sak 11/23. Vedtektene trer i kraft 15.08.23. Kommunedirektør kan gjere mindre endringar i vedtektene mot melding til HOL.