Godt barnehagemiljø
Det kan vere fleire grunnar til at barnet ditt ikkje trivst i barnehagen. Mobbing og plaging kan vere ein av desse. Ta kontakt med barnehagen dersom barnet ditt ikkje har det bra i barnehagen, eller blir mobba i barnehagen.
Barnehagens ansvar
Barnehagen har eit ansvar for å følge med på korleis alle barna har det.
Alle tilsette har ein plikt til å gripe inn, dersom eit barn ikkje har det bra.
Barnehagen må undersøkje, og sette inn tiltak dersom eit barn ikkje har det bra.
Det er viktig at du meld frå til barnehagen dersom du oppdagar at ditt eller andre sitt barn blir mobba eller av andre grunnar ikkje har det bra i barnehagen. Om eit barn i barnehagen opplev å bli mobba eller utestengt frå leiken, må barnehagen følge opp dette. Det pliktar barnehagen å gjere.
Kva kan du sjå etter
Det er ikkje alltid at barnet fortel om det som skjer i barnehagen. Spørsmål du kan stille deg er:
- Viser barnet glede over å vere i barnehagen?
- Verkar det som om barnet ditt har vener i barnehagen?
- Verkar det som om barnet ditt kjenn seg trygg i barnehagen?
- Fortel barnet om leik og morosame opplevingar?
- Er dei vaksne i barnehagen oppteken av korleis barnet ditt har det i barnehagen?
Handlingsplan for trivsel i barnehagen og førebygging av uønska åtferd og mobbing
Handlingsplan for trivsel i barnehagen og førebygging av uønska åtferd og mobbing er ein fagplan i kommunen sin planstrategi. Planen inneheld tiltak og rutinar for oppfølging av barnehagelova kapittel VIII Psykososialt barnehagemiljø. Målgruppe for planen er personalet i barnehagen og oppvekstsektoren i Åseral kommune.
Les den her: link til vår plan (PDF, 2 MB)