Søke, endre eller seie opp barnehageplass

Her finn du ut korleis du går fram ved søknad og oppseiing av barnehageplass

Søkje barnehageplass

Søknad og tildeling av barnehageplassar føregår elektronisk via oppvekstportalen.

Barn som har plass, er sikra denne fram til skulestart eller så lenge foreldra/føresette ønskjer det, viss betaling for plass innfris og barnet bur i kommunen.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. mars for hovudopptaket sine plassar som blir ledige frå august. Du kan søkje om plass heile året. Dersom det er ledig plass er det suppleringsopptak gjennom året.

Krav til søkjar

Du kan søkje om barnehageplass uten at barnet bur i kommunen, men barnet må ha bustadsadresse i kommunen ved oppstartsdato.
Du må ha personnummer til deg sjølv og barnet, samt e-postadresse og mobilnummer. Ta kontakt med kommunen om du venter på å få personnummer.

Hovudopptaket

Barn må vere fylt eit år innan utgangen av november
Barn har rett til plass frå den månaden dei fyller 1 år.
Føresette må ha søkt om barnehageplass innan 1. mars

Berre barn med lovfesta rett til plass er garantert eit tilbod i hovudopptaket, og retten er innfridd når du får tilbod om plass i ein barnehage i bustadkommunen. Andre barn vil få tilbod dersom det er ledig plass. Hovudopptaket endar når alle søkjarar med lovfesta rett til plass har fått eit tilbod. Har du barn fødd i september, oktober eller november kan du ønskje oppstart før barnet er eit år, men har ikkje rett på plass før den månaden barnet fylgjer eit år.

Endre opphaldstid - Permisjon

Har du allereie plass men ønskjer å endre talet på dagar barnet skal gå i barnehagen må dette søkjast om. Dette gjer du via oppvekstportalen; logg inn og gå til Min side for å leggje inn endringsønske.

Auking av plass kan skje fortløpande gjennom heile året ved ledig kapasitet.

Du kan søkje om permisjon frå barnehagen i inntil eit kalenderår. Du søkjer i oppvekstportalen same stad som du søkjer barnehageplass til barnehagen. Einingsleiar i barnehagen vurderer søknaden og fatter endeleg vedtak.

Oppstart etter avslutta permisjon er ved ledig plass i barnehagen. Ved permisjon som avvik frå barnehageåret, kan det tyde at det ikkje er ledig plass ved avslutta permisjon. Plass kan tilbys både ein periode før og etter dato for avslutta permisjon.

Dersom du får innvilga permisjon betaler du ikkje for plassen i permisjonsperioden.

Grunnlag for permisjon i barnehagen

Dersom ein av foreldra har foreldrepermisjon. I spesielle tilfelle som for eksempel alvorleg sjukdom hos barnet, føresette sin ordre i jobb, og liknande.

Oppseiing

Du seier opp dagens barnehageplass via oppvekstportalen på nett.

Har du kommunal barnehageplass må du sende oppseiing dersom du

  • Flyttar frå kommunen
  • Ikkje ønskjer vidare barnehageplass

I barnehagen er det ein månads oppseiingsfrist, rekna frå den 1. i påfølgande månad. Regelane for oppseiing gjeld frå foreldre eller føresette har tatt imot plassen.

30. mars er fristen for oppsigelse som gjelder barnehageplass i perioden 1.april til 14.august gjeldene barnehageår, jamfør vedtekter. (Dei som seier opp etter 30. mars, må betale ut juni månad. – tekst frå vedtektene).

Oppseiing ved skulestart går automatisk.

Vel du å sei opp barnehageplassen før oppstart, gjeld vanlege reglar for oppseiingsfrist og betaling sjølv om du ikkje har teke i bruk plassen.

Svar på søknaden

Vi sendar ut svar til elektronisk postkasse. Dersom du ikkje har elektronisk postkasse, blir svaret sendt til postadressen du har registrert i søknaden.

Tilbod om plass i hovudopptaket

Dei første tilboda (den første opptaksrunden) blir sendt ut medio mars.

Etter kvar opptaksrunde blir det nye ledige plassar fordi nokre takkar nei til tilbodet, eller seier opp plassen sin. Desse plassane blir tilboda søkjarane i neste opptaksrunde.

Tilbod om plass i supplerande opptak

Plassar som blir ledige utanom hovudopptaket blir tildelt fortløpande til aktuelle søkjarar. Vi kan ikkje seie kor lang tid det vil ta før du får tilbod om plass. Ventetida er avhengig av når det blir ledige plassar i barnehagen.

Frist for å svare

Svarer du ikkje innan fristen, kan du risikere å miste plassen.

Dersom du takkar ja til tilbod om plass

Lovfesta rett til plass i hovudopptaket er oppfylt når du får tilbod om plass i kommunen sin barnehage.

Dersom du takkar nei til tilbod om plass

Takkar du nei til tilbod om plass i hovudopptaket, kan du risikere å måtte vente til neste hovudopptak for å få eit nytt tilbod, fordi få plassar blir ledige utanom hovudopptaket.

Dersom du allereie har barnehageplass mistar du ikkje denne plassen dersom du takkar nei til nytt tilbod.

Klage på tilbod om plass

Du kan klage ved hovudopptaket dersom du meiner det er begått ein saksbehandlingsfeil. Klagefristen er tre veker etter du mottok vedtaket.

Dersom kommunen tek imot klagen skal du tilbys første ledige plass etter at barn med lovfestet rett til prioritet er tilboda plass. Dersom du ikkje får medhald i klagen, går saka vidare til klagenemnda i kommunen.

Kontaktinformasjon:


Åseral barnehage (opningstid 06:45 - 16:30)
Bordalen 3
4540 Åseral
Tlf. 950 20 332

Bjønnehiet:
Tlf. 474 55 518

Revehiet:
Tlf. 489 95 481

Maurtua:
Tlf. 950 05 127