Redusert foreldrebetaling

Ein nasjonal ordning for reduksjon av foreldrebetalinga vart innført frå 1. mai 2015. Den går ut på at ingen hushaldningar skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Matpengar til barnehagen kjem i tillegg til foreldrebetalinga.

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehagen

Du får ikkje automatisk lågare pris frå barnehagen dersom du har låg inntekt. Du må sjølv søkje om å få redusert foreldrebetalinga. Det må søkjast kvart år.

Gratis kjernetid

Barn som har rett på reduksjon i foreldrebetalinga kan også ha rett til gratis kjernetid i barnehagen. Ved beregning av foreldrebetaling for en heiltidsplass, skal det fyrst bereknast etter ordninga med redusert foreldrebetaling, deretter skal det trekkast frå verdien av dei 20 gratistimane.

Kommunenes ansvar

Det er kommunen som har ansvar for desse ordningane, men endringane i forskriften omfattar både dei kommunale og ikkje-kommunale barnehagene. Søknaden gjeld for eit barnehageår om gongen.

Frist for søknader om redusert foreldrebetaling

For nye søkjarar

Frist for å søkje redusert foreldrebetaling er 15. mai. Søknad som kjem etter fristen vil vere gjeldende frå påfølgende fakturamåned.

For dei med barn som allereie er i barnehagen

For dei som allereie gjeng i barnehage: Søknad om redusert foreldrebetaling må leverast årlig og senast innan 15.mai.

Krav til søkjarar for redusert foreldrebetaling

Inntektsgrenser

Hushaldningar med en samlet årsinntekt som er lågare enn staten sine satsar skal betale maks seks prosent av inntekta.

Definisjon av inntekt

Foreldrebetalinga i barnehage skal beregnast ut frå hushaldninga is samls skattepliktige kapital- og personinntekt. Dette gjeld både for ordningen med reduksjon i foreldrebetalinga og den nasjonale ordningen med gratis kjernetid som blei innført august 2015.

Definisjon av hushaldning

Som ein hushaldning regnast ektefeller, registrerte partnare og sambuarar. Som sambuarar regnast to ugifte personer over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapslignsnde forhald i minst 12 av de siste 18 månedane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga beregnast ut frå inntekta i hushaldninga der barnet er folkeregistrert.

Slik søkjer du

Du kan nytte vårt søknadskjema: Søknad om redusert foreldrebetaling (PDF, 116 kB)

Krav til dokumentasjon

Du skal sende eit skjema for kvart barn. Foresettes skattemelding(er) skal leggast ved søknaden som dokumentasjon. Skattemeldingen vil normalt innehalde dei fleste skattepliktige kapital- og personinntekter. Dersom nokre ikkje er registrert på skattemeldinga av skattepliktig person- eller kapitalinntekt, er søkjer pliktig å opplyse om det ved søknad. Som hovudregel skal søknaden vare for eit barnehageår av gongen.