Gratis kjernetid

Gratis kjernetid betyr 20 timer gratis opphald i veka i barnehagen. Dersom barnet har ein heildagsplass må du betale for opphald utover dei 20 timane. Barn som har rett på gratis kjernetid har også rett på reduksjon i foreldrebetalinga. 

Born som kan få gratis kjernetid

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og born med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå og med 1. august 2019 gjeld dette for hushaldningar som har en samla inntekt som er lågare enn staten sine satsar per år.

Frist for å søkje

For nye søkjarar

Frist for å søkje gratis kjernetid er 15.mai kvart år. Søknad som kjem etter fristen vil vere gjeldande frå påfølgande fakturamånad.

For dei som har born som allereie går i barnehage

Søknad om gratis kjernetid må leverast årleg og seinast innan 15.mai.

Søk om gratis kjernetid på grunn av låg inntekt

Det er kommunen som har ansvar for desse ordningane, men det omfattar både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Dei som kan få redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage må nytte skjema: Søknad om redusert foreldrebetaling (PDF, 116 kB)

Det skal sendast eit skjema for kvart born.