Transport av barn med vanlig taxi – mellom størrelse (5 – 8 seter)
Her er 3 punkts selar installert. Barna festast med trepunktsselar og bilsete i samsvar med barna si vekt. Barnehagen må ha med eigne barneseter i taxiane.
Transport av barn med maxi-taxi /buss (over 8 seter)
I noen kommuner er det maxi-taxier med 16 seter og 11 seter. Desse har trepunktsselar på alle seter. Barna festast med trepunktsselar og bilsete, eventuelt pute i samsvar til barna si vekt.
Transport av barn i bil
Det er opp til barnehagen å vele å bruke private bilar til transport av barnehagebarn. Det er sjåførens ansvar å sikre barna forskriftsmessig.
Dersom tilsette skal bruke eigne bilar, skal det vere frivillig, då det er eit stort ansvar å påta seg.
Sjåfør i barnehagens regi pliktar å overhalde fartsgrenser, kjøre rusfritt og ikkje nytte mobiltelefon under transport.
Pute må aldri brukast saman med topunktsbelte, det er farlig og forbode.
Rutine for transport av barnehagebarn
Personalet innhentar skriftlig tillating frå foreldra om at barnehagen kan ta med deira barn i taxi, buss og/eller privatbil, under føresetnad av at barnet er forskriftsmessig sikra og at bilen er i forskriftsmessig stand.
Tillatinga skal innhentast når barnet byrjer i barnehagen og denne skal oppbevares i det einskilde barns mappe.
Einingsleiar/pedagogisk leiar lagar ein oversikt over kven som har reservert seg, og informerar resten av personalet på avdelingen.
Dersom foreldra reserverar seg på eit av punkta, gjer ein følgjande:
Vurdere alternative transportmiddel.
Spør foreldra om dei har mogelegheit til å køyre sjølv.
Undersøkje om det er andre avdelingar som kan passe barnet mens avdelinga er på tur.
Dersom ingenting av dette er mogeleg, må avdelinga sørgje for at barnet får eit anna, godt tilbod.
Lover og regler knyttet til transport av barn
Sikring av barn i bil
Det er påbode å sikre barn i bil.
Barn som er under 135 cm høge skal alltid nytte godkjent barnesikringsutstyr som er rett i forhold til barnet si vekt.
Reglane gjeld for barn under 36 kilo, etter dette skal både barn og vaksne sikrast med bilbeltet.
Barn skal ikkje transporterast i bakovervendt barnestol i framsete der det er airbag.
Sikring av barn i buss
For buss med unntak av Taxus, jf. Kjøretøyforskriften 2-2 og 8-1, gjelder bilbelte og anna utstyr til sikring av personar skal nyttast av sittande barn yngre enn 3 år skal i buss bruke godkjend sikringsutstyr som er tilpassa barnet.
barn som er 3 år eller eldre skal bruke ordinært bilbelte på eigna måte.
Forskriften skill ikkje mellom trepunkts og topunktsbelter. Det betyr at det er lovleg å la barn under 3 år sitje sikret kun med hoftebelte, men dette er ikke å anbefale.