Kva er foreldreansvar?
Foreldreansvar er den rett og plikt foreldra har til å bestemme for barnet i personlege forhold.
Kva inneber personlege forhold?
Personlege forhold vil seie saker som til dømes:
- Oppdragelse av barnet
- Kor skal barnet bu
- Namnespørsmål
- Innmelding og utmelding av trussamfunn – foreiningar
- Pass
- Medisinske inngrep
- Val av type barnehage (dersom det t.d. er livssynsbarnehagar)
Felles Foreldreansvar
KOR GODT HANDTERER BARNEHAGEN ULIKE TYPER AV FORELDREANSVAR?
FELLES FORELDREANSVAR
Foreldre som er gift/sambuande når barnet blir født, har automatisk felles foreldreansvar. Dersom dei flyttar frå kvarandre, vil begge føresette ha foreldreansvar dersom dei ikkje avtalar at ein av dei skal ha foreldreansvaret åleine. Ein slik avtale må vere sendt til Folkeregisteret for å vere gyldig. Dersom foreldra ikkje blir samde om dette, kan dei be domstolen om å avgjere spørsmåla.
Foreldre som ikkje bur saman når barnet blir født, kan avtale at dei skal ha felles foreldreansvar og sende melding om dette til Folkeregisteret. Dette gjeld også foreldre som på grunn av tidlegare regelverk ikkje har felles foreldreansvar.
Felles Foreldreansvar og Barnehagen
KONSEKVENSAR FOR BARNEHAGEN NÅR FORELDRE HAR FELLES FORELDREANSVAR
- begge foreldre har same rett til å delta på foreldremøte
- begge foreldre har same rett til å ha foreldresamtalar
- begge foreldra er valbare til samarbeidsutval o.l.
- begge foreldre skal innvitast til arrangement og tilstellingar
- begge foreldre har rett til same opplysningar frå barnehagen
- begge foreldre har rett til opplysningar om barnet og barnets forhold i barnehagen, men ikkje opplysningar om den andre forelderen eller barnets heimesituasjon
- Samtykke frå begge foreldre ved henvising til PPT.
Foreldreansvar åleine
FORELDREANSVAR ÅLEINE
Det er ikkje ofte at den eine av foreldra har foreldreansvar åleine. Det kan t.d. vere at foreldra ikkje var gift eller sambuande når barnet blei født (og foreldra ikkje inngjekk ein avtale om felles foreldreansvar).
Den eine parten kan også ha foreldreansvar åleine etter ei skilje dersom foreldra har gjort ein avtale om det. I enkelte fall føreligg det ein rettsleg avgjerd på at berre den eine forelderen skal ha foreldreansvar.
Foreldreansvar åleine og Barnehagen
KONSEKVENSAR FOR BARNEHAGEN NÅR BERRE DEN EINE FORELDEREN HAR FORELDREANSVARET
- Den som har foreldreansvar åleine skal gje den andre opplysningar om barnet når vedkommande ber om det.
- Den som ikkje har foreldreansvar har rett til opplysningar om barnet og barnets forhold i barnehagen, men ikkje opplysningar om den andre forelderen eller barnets heimesituasjon.
- Denne regelen gjeld også om vedkommande ikkje har samværsrett.
- Barnehagen kan nekte å gi opplysningar dersom det kan vere til skade for barnet. Dette uttrykket dekkar ikkje berre dei situasjonane der opplysningane kan tenkjast brukt direkte mot barnet. Det dekkar også situasjonar der opplysningane kan tenkjast brukt mot den som har foreldreansvar, der dette i neste omgang kan vere til skade for barnets situasjon. Ein slik nektelse kan påklagast til fylkesmannen. Ein nektelse bør grunngivingast skriftleg på grunn av klagerett.
- Den som ikkje har foreldreansvar kan delta på foreldremøte dersom den andre forelderen gir sitt samtykke til det.
- I heilt spesielle tilfelle kan fylkesmannen bestemme at den som ikke har foreldreansvar skal miste retten til opplysningar om barnet. Dette kan skje dersom opplysningsretten er misbrukt, eller dersom foreldra har svært store konfliktar.
Ny sambuar/ektefelle
Ny sambuar/ektefelle til den som har del i foreldreansvaret har ikkje krav på å delta i felles foreldresamtale/møter når den andre som har del i foreldreansvaret ikkje godtek dette. Dette tyder at dersom to foreldre med felles foreldreansvar begge ynskjer å møte på det same foreldremøtet, må det leggjast til grunn at kvar av dei kan motsette seg at det også møter ein tredjeperson.
Ny samboar/ektefelle ev. andre kan delta i foreldresamtale/møte dersom det berre er den eine forelderen som skal ha samtale og vedkommande gjev samtykke til at ny samboar/ektefelle kan delta på møtet.
Fosterforeldre
Dersom barnevernet har plassert barnet hos fosterforeldre, er det desse som utøvar den daglege omsorga i foreldras stad. Dette vil seie at barnehagen må ansjåast å ha ein melde- og opplysningsplikt til fosterforeldrene. Det er berre opplysningar om barnet som skal givast.
Dei biologiske foreldra som sit att med ”rest-foreldreansvar”, må ansjåast å ha rett til opplysningar frå barnehagen når dei ber om det. Men her gjeld dei same avgrensingane som nemnt ovanfor med omsyn til om opplysningane kan vere ”til skade for barnet”. Foreldre som er fråtekne foreldreansvar i medhald av bvtj.§4-20 kan ikkje krevje opplysningar.
Rettigheiter til den barnet bur fast hos
Den av foreldra som barnet bur fast hos har alltid foreldreansvar og har:
- Avgjerdsrett i spørsmål som gjeld den direkte daglege omsorga for barnet, som klede, mat, sengetid, innetid etc.
- Bestemmer om barnet skal gå i barnehage.
- Kan flytte med barnet til ein annan stad i landet.
Følgjer for barnehagen
- Barnehagen forheld seg til den som barnet bur fast hos i forhold til avgjerder i kvardagen som til dømes niste, utstyr, turar.
- Det er den som barnet bur fast hos som kan bestemme kven som kan hente og bringe i barnehagen.
- Dersom hentetida er innanfor samværstida kan samværsberettigde hente – ev. kan vedkommande bestemme at ny samboar, bestemor etc. kan hente.
- Dersom det føreligg ein dom eller eit vedtak frå fylkesmannen som seier at samværsberettigde skal hente barnet i barnehagen til fastsette tider, må barnehagen likevel kunne utlevere barnet sjølv om den barnet bur fast hos gir ein annan beskjed. Dette føreset at dommen eller vedtaket dokumenterast overfor barnehagen.
- Barnehagen kan ikkje påleggast å oppfylle eventuelle samværsavtalar når avtalen om samvær ikkje er innanfor hentetid. Det er foreldra som er forplikta til å oppfylle avtalen. Samværsberettigde kan ikkje få utøve samvær i barnehagen dersom dette ikkje er avtalt med barnehagen og den andre forelderen.
Delt fast bustad
- Delt fast bustad tyder at barnet har fast bustad hos begge foreldra (i motsetnad til når barnet har fast bustad hos den eine forelderen, men samvær med den andre).
- Delt fast bustad inneber ikkje nødvendigvis at barnet bur like mykje hos kvar, men at foreldra har same avgjerdsmyndigheit. Foreldra kan avtale delt fast bustad. I særlege høve kan også domstolen idømme delt fast bustad mot den eine eller begge foreldras vilje.
Følgjer for barnehagen ved delt fast bustad
Ved delt fast busaed må barnehagen forhalde seg til begge foreldra når det gjeld informasjon, henting/bringing, praktiske avtalar i forhold til klede, utstyr, turar, samtalar etc.
Samværsrett
Barnelova gjev barn rett til samvær med begge foreldra, også når foreldra ikkje bur saman. Foreldra kan fritt avtale kva slags samværsordning dei ynskjer å ha. Utgangspunktet er at samværet skal skje ut frå kva som vil vere best for barnet.
Begge foreldra har ansvar for at samværsretten blir oppfylt.
Følgjer for barnehagen ved samværsrett
Det er foreldra som har ansvar for at samværsretten blir oppfylt – herunder organisere samværsretten.
Samværsretten kan ha følgjer for barnehagen dersom det er avtalt at den som har samvær skal hente barnet i barnehagen. I slike høve bør barnehagen ha skriftleg dokumentasjon frå foreldra.
Anna
Løyve til helsehjelp
Hovudregelen er at begge foreldre med foreldreansvar skal gje løyve til helsehjelp til barn.
Det er likevel tilstrekkeleg at ein av foreldra gjev løyve til helsehjelp som:
- rekna som ein del av den daglege og vanlege omsorga for barnet, til dømes handsame øyreverk, halsbetennelse, influensa, skrubbsår osb. Denne type helsehjelp kan bestemmes av den forelder som til ein kvar tid er saman med barnet
- kvalifisert helsepersonell meiner er naudsynt for at barnet ikkje skal ta skade. Denne type helsehjelp kan bestemmes av forelder med foreldreansvar, og gjeld tilfelle kor foreldra ikkje blir einige, eller kor det ikkje er mogeleg å få avklart kva begge foreldra meiner. Før helsehjelp blir gjeven etter dette punkt, skal begge foreldrs med foreldreansvar få seie si meining, dersom mogeleg.
Det er foreldra sitt ansvar å sørge for at barnet få helsehjelp, ikkje barnehagen sitt ansvar. Dersom barnet likevel treng øyeblikkeleg helsehjelp medan det er i barnehagen, må barnehagen sørge for at barnet får dette. Dersom det er tid til det, skal barnehagen kontakte foreldra fyrst.
Varsling ved flytting
Begge foreldra har varselplicht ved flytting. Dette gjeld både bustadsforelder og samværsforelder. Varslinga inneber at den forelderen som skal flytte, seinast 6 veker før flyttinga skal varsle den andre forelderen, slik at foreldra har tid og mogelegheit til å kome fram til den beste omsorgsløysinga for barnet før flytting gjennomførast.
Henvendelser fra advokater
Erfaringene er at mange advokater henvender seg pr telefon til barnehagen for å få opplysninger i sammenheng med barnefordelingssaker. Det er viktig at barnehagen gir dem beskjed om at de må sende en skriftlig henvendelse. Det bør ikke gis opplysninger pr telefon – heller ikke til advokat. Når det gis opplysninger, bør dette kun være faktaopplysninger, ikke vurderinger. De barnehageansatte har taushetsplikt, noe som innebærer at de kun kan gi informasjon til forelderen/forelderen sin advokat om barnet og barnet sitt forhold i barnehagen, ikke informasjon om den andre forelderen eller hjemmeforhold hos denne.
Barnehageansatte som vitne i rettssaker
Dersom en ansatt i barnehagen blir stevnet som vitne i en rettssak, er den ansatte pliktig til å stille som vitne i retten. Den ansatte er da ikke pliktig til å gi vurderinger, kun faktaopplysninger. I utgangspunktet er den ansatte bundet av taushetsplikt også i forhold til vitnesbyrd i retten. Dersom den som har krav på taushet ikke har gitt samtykke til at den ansatte kan gi taushetsbelagte opplysninger i retten, er det fylkesmannen som har myndighet til å oppheve taushetsplikten. I sivile saker, for eksempel barnefordelingssaker, vil det være advokaten som ønsker å føre den barnehageansatte som vitne, som har ansvaret for å søke fylkesmannen om å oppheve taushetsplikten. I straffesaker vil det være påtalemyndigheten som har ansvar for å søke fylkesmannen om fritak fra taushetsplikten.
Taushetsplikt og vitneforklaringer
I en del saker henvender en forelder/forelderens advokat seg til ansatte i barnehagen og ber vedkommende stille frivillig som vitne i for eksempel en barnefordelingssak, dvs. uten vitnestevning. Den ansatte bør avslå dette. Dersom den ansatte stiller frivillig som vitne for den ene parten i retten, vil det kunne oppfattes som at den ansatte/barnehagen har ”tatt parti” for denne parten. Dette vil være svært uheldig. Det er viktig at barnehagen og de ansatte er tydelige på at de ikke velger side i konflikten. Barnehagen skal være en konfliktfri sone.