BARN 0 - 6 ÅR MED SÆRSKILDE BEHOV
SPESIALPEDAGOGISK HJELP
Barn i barnehagealder med særskilte behov, kan ha rett til hjelp etter Barnehagelova § 31.
Foreldre kan henvise til PPT og be om å få ei sakkyndig vurdering, dersom barnet treng hjelp, støtte og tilrettelegging. Rett til spesialpedagogisk hjelp gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Viss barnet går i barnehage bør søknaden fyllast ut i samarbeid med barnehagen. Ein kan vise til vurdering av spesialpedagogisk hjelp heile året.
Les meir om spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging: Utdanningsdirektoratet sin rettleiar
Barnehagelova § 31
SAKSGANG
Foreldre (ev. i samarbeid med barnehagen) sender ein henvising til Pedagogisk-psykologisk tenestekontor (PPT) med grunnlag i barnet sitt behov. PPT vurderer i den sakkyndige vurderinga om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp eller ikkje.
Kommunen fatter deretter enkeltvedtak, som skildrer den spesialpedagogiske hjelpa barnet skal få (etter samtykke frå foreldra).
KLAGE
Foreldre kan klage på enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp. Viss vedtaket blir oppretthalde, sendes saka til Fylkesmannen i Agder for endeleg handsaming.
KVA KOSTER DET?
Tilbodet om spesialpedagogisk hjelp er gratis for familien.
PEDAGOGISK STØTTE I BARNEHAGEN
Barn med redusert funksjonsevne og barn i ein vanskeleg livssituasjon skal få eit godt og tilpassa tilbod. Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter Barnehagelova § 31. I dei aller fleste høve vil det ordinære barnehagetilbodet vere godt nok til å møte barna sine individuelle behov, men i nokre høve kan det være naudsynt med eit forsterka barnehagetilbod.
Kommunen har ansvar for å fatte vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter Barnehagelova § 31, og å sette i verk desse vedtaka.
Barn med redusert funksjonsevne kan også trenge særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige forhold i barnehagen. Kommunen vurderer søknadene om ekstra tilskot og tildeler tilskotet til barnehagen. Tilskotet kan nyttast til å styrke bemanninga, redusere barnegruppa sin storleik, dekke særleg materiell, osv.
SAMTYKKE FRÅ FORELDRA TIL PPT
Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er ein kommunal teneste heimla i Barnehagelova § 31. PPT er organisert i eit barnehageteam og eit skuleteam. Barnehageteamet består av spesialpedagog. Tenesta er kommunen si sakkyndige organ når det gjeld spesialpedagogisk hjelp og undervisning for barn i alderen 0 – 16 år.
KRAV TIL SØKJAR
Før det blir fatta vedtak om å setje i gang den spesialpedagogiske hjelpa, skal det føreligge samtykke frå foreldra.
SØKNADSHANDSAMING
For barn under skulepliktig alder, utarbeidar PPT sakkyndig vurdering om spesialpedagogisk hjelp. Den sakkyndige vurderinga er sett saman av ei utgreiings-, og ein tilrådingsdel. Vurderinga sendast deretter til avdelinga (Barnehage eller Skule), som fatter vedtak om spesialpedagogisk hjelp.