Åseral barnehage

Barnehagen skal gje eit tilbod for barn som er under skulepliktig alder. 

Lovverk og Rammeplan for Barnehagar

I Noreg vert barnehagane drive etter lov om barnehagar og rammeplan for barnehagar. Der det ikkje er gjeve dispensasjon skal dei i utgangspunktet ha ein dagleg leiar med barnefagleg eller pedagogisk utdanning. Pedagogiske leiarar må ha førskulelærarutdanning.

Barnehagen sin Formålsparagraf

Etter barnehagelova sin føremålsparagraf skal barnehagen mellom anna ivareta barna sine behov for omsorg og leik, fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon.

Kommunale barnehagar

I Åseral har vi ein kommunal barnehage.
Kommunen driv eit omfattande generelt barnehagetilbod, men er også ansvarleg for å tilrettelegge for barn med funksjonshemmingar. 

Private barnehagar

Private aktørar kan drive barnehage i kommunen gitt at visse vilkår blir oppfylt og at søknadar blir innvilga. Informasjon om drift av privat barnehage får ein ved å foreta ei førespurnad. Det finst ingen private barnehagar i Åseral i dag.