Barn med særskilde behov

Barn med nedsett funksjonsevne vil bli prioriterte ved opptak i barnehagen.

Tilrettelegging i barnehagen

Dei som jobbar i barnehagen har ansvar for at alle barn, uavhengig av funksjonsnivå, får oppleve at dei er betydningsfulle for fellesskapet. Barnehagen må gi det enkelte barn støtte og utfordringar basert på eigne føresetnader, og bidra til eit meintingsfullt liv i fellesskap med andre barn og vaksne.

Barnehagen har eit særleg ansvar for å førebyggje vanskar og oppdage barn med særskilte behov. For desse barna kan det vere aktuelt med eit spesielt tilretteleggt tilbod. Tilrettelegginga kan omhandle sosiale, pedagogiske og/eller fysiske forhold i barnehagen.

Kven har rett til spesialpedagogisk hjelp?

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har behov for det. Dette gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Føremålet med spesialpedagogisk hjelp er å gi barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter. Kommunen skal oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen.

Foreldre kan vende seg til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for å få ei sakkyndig vurdering dersom barnet treng hjelp, støtte og tilrettelegging. Dersom barnet går i barnehagen, kan tilvising til PPT fyllast ut i samarbeid med barnehagen.

PPT vurderer om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp eller ikkje, og utarbeider ei sakkyndig vurdering. Denne vurderinga vert sendt til foreldre og barnehagemyndigheit i kommunen. Dersom barnet går i barnehage, vil barnehagen òg få ein kopi.

Barnehagemyndigheit i Åseral kommune gjer vedtak om spesialpedagogisk hjelp, som skildrar den spesialpedagogiske hjelpa barnet skal få. Før det vert gjort vedtak om spesialpedagogisk hjelp, må foreldre med foreldreansvar ha gjeve sitt samtykke til dette.