Kommunalt utdanningsstipend

Kommunen har ei ordning om utdanningsstipend for ungdom som tek utdanning etter grunnskulen. Det er eit krav at søkjarar må vera folkeregistrert og ha heimebustad i Åseral.

Søknadsfrist med meir.

Søknadsfrist er 1. mars for hausthalvåret, og 25. juni for vårhalvåret. 

Halve summen kan utbetalast etter kvart semester. Skulen/lærestad må då attestera at 1. halvår av skule/læreår er fullført. 
Enten kopi av vitnemål, eller eit eige skriv som stadfestar dette. 
Husk stempel. 
Bortebuarar må i tillegg til søknaden legge ved dokumenterte leigeutgifter, f.eks. husleigekontrakt eller kvittering for betalt husleige. 
Ved skule/læreårets slutt er det søkjar sjølv som er ansvarleg for å levere dokumentasjon på fullført skulegang/læretid. Då blir siste halvår utbetalt. 

Utfyllande reglar for ordninga finn du her (PDF, 213 kB)

Søknadsskjema