Krisesenter

Åseral kommune blir dekka av tilbodet til Sørlandet Krisesenter

Kven får hjelp?

Sørlandet Krisesenter har tilbod til kvinner og menn og deira barn. Tilboda rettar seg mot menneske som er utsett for vald, eller trugsmål om vald, frå menneske i nær relasjon.

Valden kan vere både fysisk og psykisk. Dette omfattar også seksuell vald, overgrep og valdtekt. Valden og trugsmåla kan vere mellom nåverande og tidlegare partnarar eller kjærastar, eller mellom andre familiemedlemmer som sysken, foreldre og barn.

Sørlandet krisesenter er eit interkommunalt samarbeid der Kristiansand er vertskommune. 

Lenke til heimesida