Beredskap, besøk og fosterheim

Barn kan ha behov for å vere i beredskaps-, besøks- eller fosterheim i kortare eller lengre periodar

Beredskapsheim

Ein beredskapsheim er ein heim som er særleg eigna til å ta imot barn både i akutte tilfelle og for kortare tidsrom. Barn bur mellombels i beredskapsheim fordi dei av ulike grunnar ikkje kan bu heime. Barn bur i beredskapsheimen til ein annan varig løysing er funne; slik som institusjon, fosterheim eller at barna flyttar heim igjen til foreldra.

Besøksheim

Besøksheim er heilt vanlege heimar der barn og ungdom kan kome på besøk. Kor ofte ein tek i mot besøk avtalast, men det er ofte snakk om helgebesøk og enkelte feriedagar. Det er ingen krav til utdanning for å bli besøksheim. Ein kan vere einsleg eller leve i parforhold. Det viktige er at ein er ein trygg vaksenperson og at ein ønskjer å vere saman med barn og ungdom.

Fosterheim

Eit fosterheim tek i mot barn når Barneverntenesta har bestemt at det skal iverksettast eit hjelpetiltak eller i samband med ei omsorgsovertaking. Kommunen har ansvar for å godkjenne og føre tilsyn med heimet.

Det er bruk for deg

Fosterbarn er som andre barn. Ulike. Felles for alle er behovet for vaksne som gir tryggleik, omsorg og kjærleik.

For barna handlar det ofte om det mange tek for gitt. Ha nokon som hjelper med leksene, som følgjer på fotballtrening og heiar frå sidelinja. Vite at nokon bryr seg, vere ein del av familien og ha ein fast plass ved middagsbordet. Ha nokon som seier "god natt" og som gjer at du søv godt. Kvar natt.

Behovet for fosterheim er stort og vi har mange barn som ventar på å kome til eit nytt heim. Kanskje du eller nokon du kjenner ynskjer å få vite meir om moglegheitene til å gjere ein forskjell i eit barns liv.

Har du lyst på eit mindre oppdrag enn det å vere fosterheim, kan besøksheim eller tilsynsførar vere noko for deg! Vi tilbyr opplæring på førehand og rettleiing undervegs tilpassa det enkelte oppdrag.

Arbeidsgodtgjering og utgiftsdekking følgjer gjeldande satser.

Lover og forskrifter

Lov om barneverntenester (barnevernlova)