Er du uroa for eit barn eller ein ungdom, skal du ta kontakt med barnevernet. Barn og ungdom kan sjølve ta kontakt.
Viss du melder frå kan dette bidra til at barnet og familien til barnet får den hjelpa dei treng. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella. Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale før du melder frå. Har du ein magekjensla på at barnet ikkje har det bra, bør du ta kontakt med barnevernet
Korleis melde til barnevernet
Du kan ringje eller sende brev til barnevernet. Du kan bruke skjemaet nedanfor for bekymringsmelding. Som privatperson kan du velje å vere anonym.
Skjema for bekymringsmelding (offentlege tilsette)
Skjema for bekymringsmelding (privat personar)
Lenke til Midt Agder Barnevern
Kven kan melde til barnevernet
Foreldre, vener, naboar, barnehagar, skolar, helsestasjonar og andre som er bekymra for omsorgssituasjonen til eit barn kan melde frå til barneverntenesta. Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for omsorgssvikt.
Krav til meldar
- Du skal melde til barnevernet når du har grunn til å vere bekymra for omsorgssituasjonen til eit barn
- Du skal ikkje kunne bevise eller ha observert det du er bekymra for, men du skal kunne skildre bekymringa di og kva som er kjelda til informasjonen
- Eit rykte er ikkje ei melding
Kva gjer barnevernet
Ved mottatte meldingar skal barnevernet snarast eller innan ein veke behandle meldinga og vurdere om saka skal:
- Undersøkjast - dersom det er grunn til å anta at det er behov for tiltak etter barnevernloven eller
- Henleggjast - dersom lovens vilkår ikkje er oppfylt eller meldinga er grunnlaus. Barneverntenesta skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka
Undersøkingsprosess
Uansett om det er foreldre eller andre som kontaktar barneverntenesta vil det, dersom barneverntenesta finn at det er grunnlag for det, iverksetjast ei undersøking. Den skal som hovudregel vere gjennomført innan 3 månader.
Undersøkinga kan bestå av fleire samtalar med foreldre og barnet (om det er over 3 år) samt observasjonar av samspel. Det vil vere ei blanding av samtalar på barneverntenestas kontor og heimebesøk hos familien. I tillegg vil barneverntenesta innhente skriftleg informasjon frå andre som kjenner barnet, men ikkje utan at foreldra er informerte om kven det innhentast opplysningar frå.
Føremålet er å kartlegge situasjonen med søkjelys på utfordringar og ressursar knytte til framtidig rolle som omsorgsperson.
Ei undersøking vil kunne konkludere med følgande:
- Henlegging - Saka kan henleggjast på grunnlag av at det ikkje er behov for tiltak eller fordi foreldra ikkje samtykker til dei tiltaka som blir føreslege. Dersom bekymringa er stor, men foreldra ikkje samtykker vil saka bli henlagt med moglegheit for gjenopning
- Tiltak - Tiltak som til dømes veiledning, miljøterapi, opphald på foreldre/ barn sentre, henvisning til anna behandling, ansvarsgruppe, avlastning, fritidstiltak og i nokon grad økonomisk bistand til barnehageplass
- Omsorgsovertaking - I sjeldne tilfelle vil tiltaket bli å fremje sak om omsorgsovertaking, men då skal saka vere svært alvorleg og vurdert at andre tiltak ikkje vil vere tilstrekkelege
Klageprosessen
Dersom du er misnøgd med vedtaket kan du klage til kommunen innan 3 veker. Dersom du treng hjelp til klagen, kan du ta kontakt med kommunen. Opprettheld kommunen sin avgjerd, blir klagen sendt til Fylkesmannen for endeleg handsaming.
Meir informasjon
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Alarmtelefonen for barn og unge (116 111)