God planlegging er viktig
På Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap si nettside, dsb.no, finn du ein rettleiar som gir informasjon om kva du må gjere av førebuingar for å kunne gjennomføre ein trygg og lovleg tilstelling. Husk at med god planlegging, er halve jobben gjort! Ver difor ute i god tid med søknader om løyve og liknande, for å vere sikker på at du får svara før tilstellinga skal gjennomførast:
Sjå "Rettleiar for tryggleik ved store tilstellingar" (dsb.no)
Meld frå til kommunen
Store tilstellingar bør alltid meldast til kommunen, slik at tilstellinga er kjend, og kommunen kan ha beredskap om noko alvorleg skulle hende.
Ta gjerne kontakt med kommunen sin kontaktperson for store tilstellingar for rettleiing knytt opp mot ditt arrangement.