Kva gjer du dersom straum og nett fell bort i ein lengre periode?

Ekstremvêr og andre uforutsette hendingar kan føre til lengre straumbrot og bortfall av ekom (elektronisk kommunikasjon som telefoni, internett m.m), mange gonger begge delar samstundes. Det er viktig at alle innbyggjarar difor er godt førebudde.

Ved straumbrot vil mobilnettet dei fleste stader slutte å fungere etter 3–4 timar. Når dette skjer, kan det vere vanskeleg å komme i kontakt med helse- og omsorgstenester eller naudetatar.

Kva bør du gjere ved utfall av straum og/eller ekom?

Hald kontakt med familie og venner for informasjon og om du treng hjelp til daglege gjeremål.
Gjer nytte av ein god eigeberedskapstiltak.

Tryggleikspunkt

Om straumen er vekke i eit større område i meir enn eit døgn, vil Åseral kommune opprette ein oppmøtestad for dei som er råka og treng hjelp.
Denne oppmøtestaden er eit tryggleikspunkt for dei som ikkje kan klare seg heime utan strøm eller treng helsehjelp.
Oppmøtestaden er Åseralsheimen.
Her vil du få informasjon og kontakt med kommunen sine helse- og omsorgstenester, samt naudetatane.

Informasjon

Om kommunen veit om eit større kommande straumutfall, vil ekstra informasjon om straumutfallet bli delt i førevegen på kommunen sine nettsider (www.aseral.kommune.no) og innbyggarapp (Innbyggar iSør).

Kommunen vil kort tid etter eit utfall ta kontakt med heimbuande som mottar kommunale tenester.
Ta kontakt med kommunen på telefonnummer 38 28 58 00 (dersom telefonen verkar).

Åseralsheimen