Er du, eller har du ein beredskapsven?

Å planlegge eigenberedskap for ei veke kan vere krevjande. Kanskje du kjenner nokon – ein nabo, ven eller eit familiemedlem – som treng litt hjelp for å kome i gong? Treng du nokon å alliere deg med?

Kvifor er dette viktig?

Ved større hendingar kan ikkje alle få hjelp med éin gong. Kommunen, nødetatar og frivillige må prioritere dei som ikkje klarer seg sjølv. Difor er det viktig at vi hjelp kvarandre.

Korleis kan du støtte din beredskapsven?

  • Gje førstehjelp ved skader
  • Tilby omsorg og tryggleik
  • Gje husly ved evakuering
  • Hjelpe med omsetjing og informasjon
  • Assistere med bruk av utstyr og verktøy
  • Handtere, bere og transportere varer
  • Bytte eller låne ut utstyr og forsyningar
  • Låne ut mobil med anna nettverk
  • Lage og dele mat saman


Ved å samarbeide og støtte kvarandre står vi sterkare i møte med kriser. Kven kan du vere ein beredskapsven for?

Slik bidreg du til Noregs beredskap