Befolkningsvarsel

Folkevarsling

I Åseral kommune brukar vi aktivt nettsida vår og facebookside til å varsle innbyggarane dersom noko skulle hende. I spesielle høve, kan vi òg bruke SMS-varsling. Dersom du har lasta ned kommunen sin innbyggarapp vil du kunne få pushmelding over dine interessefelt rett inn på mobilen.

Våre kanalar

Kommunen sitt SMS-varsling

Åseral kommune har høve til å varsle befolkninga via SMS/e-post/talemelding, dersom det skulle være behov for det. Til dømes ved kriser og uforutsette hendingar.

Åseral kommune brukar varslingsløysinga Everbridge 360. Dette er eit viktig verkty i kommunen sitt beredskapsarbeid. 

Døme på når kommunen sender SMS-varsel:

  • Dersom husstandar treng å få informasjon om at dei mister vatnet ein periode eller at det er brot på vatnleidning
  • Dersom ein treng publikum sin hjelp i til dømes leiteaksjonar
  • Dersom vi treng å nå ei spesifikk målgruppe som ikkje er på internett
  • Dersom vi er avhengig av at publikum følger gitte råd, for eksempel smittevernråd/forbod under pandemien.
  • Ved andre eventuelle lokale kriser/hendingar

Les mer om varslingsløysinga vår her.

Nasjonalt naudvarsel på mobil

I 2023 blei også ei nasjonal varslingsmoglegheit lansert: Naudvarsel.

Dette er norske styresmakter sitt verkty for å nå befolkninga ved akutte og alvorlege hendingar som truer liv og helse. Eit naudvarsel inneheld informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.

Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva område som skal varsles og som sender ut sjølve varselet.

Døme på når styresmaktene sender naudvarsel:

  • Ekstremver som truer liv og helse
  • Radioaktivt utslepp
  • Alvorleg terror
  • Angrep mot Noreg / krig truer
  • Andre ulykkes- og katastrofesituasjonar

Les mer om nasjonalt naudvarsel her.