Kva kan eg gjera ved ein atomhending?
Radioaktiv forureining og stråling kan gje helseskader. Dersom ein atomhending råkar oss, vil Kriseutvalet for atomberedskap kome med råd eller pålegg om korleis vi kan beskytte oss.
Kort fortalt:
Sjølv med eit stort utslepp i Ukraina, der vinden blæs mot Noreg, vil det i hovudsak føre til tiltak i norsk matproduksjon.
Sidan konsentrasjonen av radioaktive stoff som eventuelt blir ført til Noreg med vinden blir låg, vil det ikkje bli gitt tilrådingar om å ta jodtabletter eller å halde seg innandørs her i Noreg.
Om du likevel er interessert i korleis du kan beskytte deg ved ei eventuell atomulykke, så kan du lese her.
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet
Informasjonsplakat frå DSA
