Kommunal beredskapUønskte hendingar er ei utfordring for eit lokalsamfunn, og difor er det viktig at kommunen har planar for både førebygging, beredskap og krisehandtering.Kommunalt planverkKommunen planlegg for å kunne handtere ulykker og kriser på ein best mogleg måte. Det tyder at vi skal:• sørge for innbyggjarane si tryggleik• ha planar for at samfunnsviktige funksjonar ikkje stoppar opp under ei krise• verne om miljø og kulturverdiar og• forhindre øydelegging av økonomiske og materielle verdiar.Åseral kommune har eit beredskapsråd, kriseleiing og kriseteam som blir aktivert om det skulle vere naudsynt. Kriseleiinga i Åseral kommuneKåre Einar Larsen - KommunedirektørInger Lise Lund Stulien - OrdførarAstrid Marie Engeli - StabsjefAnn-Margret Haaland - KommuneoverlegeOdd Helge Liestøl - BeredskapskoordinatorTelefonnummer kriseleiinga: 941 38 500 (aktiv i ein krisesituasjon)