Turist i Åseral

Åseral er ei populær bygd å feriere i med sitt storslåtte fjellandskap, store hytteområder, tre alpinanlegg, unike kulturminner og formidling av desse, i tillegg til fine bade- og fiskeplassar og populære årlege hendingar som Haustmarknaden på Bortelid. Det er gode langrennsløyper og nasjonalt merkte turstigar i kommunen, og gjer det verdt eit besøk både sommar og vinter.

TURISTKONTOR PÅ MINNE KULTURSENTER

Turistinformasjonen i kommunen finn du på Minne kultursenter. Her er eit utval av turistbrosjyrar, turkort, kart og forslag til stader du kan vitje i Åseral. Åseral har ei rik kultursoge og mange interessante kulturminne.

Kart over sjåverdige stader i Åseral (PDF, 2 MB)

Fote av ein person som ser ut over Kyrkjebygd - Klikk for stort bilete