VassmålarAlle bygningar som er tilkopla offentleg vatn- og avløpsnett skal ha installert vassmålar, og skal betale forbruksgebyr etter målt vassforbruk. Bestille og hente vassmålarKommunen skal godkjenne den som skal installere, flytte eller fjerne vassmålarar. Røyrleggjar bestiller vassmålar ved å sende e-post til vannmaler@aseral.kommune.no Utleveringstad er på Austrudsmonen 2.Når vassmålaren er installert, skal ansvarleg røyrleggjar melde vassmålaren inn til kommunen. Dette skjer ved at skjemaet nedenfor vert fylt ut og sendt til e-posten: vannmaler@aseral.kommune.noSkjema for montering av vassmålar (PDF, 321 kB)Slik les du av vassmålaren:Hovudavlesninga skjer ei gong i åretDu får ein SMS per vassmålar Les av vassmålarstanden og svar på SMS eller på nett. (ved nettavlesing må kode i SMS nyttast) Leseav.no Ta berre med med sorte tal, dei raude skal ikkje rapporterastOm vi ikkje mottek avlesning vert vassforbruket stipulertAbonnenten har ansvar for rett avlesning