Formannskapet

Formannskapet har 5 faste medlemmar og dei skal veljast av og blant kommunestyremedlemmane. Ordførar er møteleiar og varaordførar nestleiar.

Formannskapet Åseral kommune 2023 - 2027

NamnTittel Parti
Inger Lise Lund Stulien Ordførar inger.lise.lund.stulien@aseral.kommune.no Ap 
Bjarne HaugstadVaraordførar Bjarne.Haugstad@politiker-aseral.noHøgre 
Inger Lise AustrudMedlemInger.Lise.Austrud@politiker-aseral.noAp 
Jan Stangvik MedlemJan.Stangvik@politiker-aseral.noKrF 
Oddmund LjoslandMedlemOddmund.Ljosland@politiker-aseral.noSp 
Sigbjørn Heggdal 1. vararepresentant Ap
Roger Thorsland 2. vararepresentant Ap
Natalie Smeland Sannes 3. vararepresentant Ap
Odd Hallvard Kjellby 1. vararepresentant Høgre
Bjørge Fossdal 2. vararepresentant Høgre
Tore Forgard 1. vararepresentant Sp
Arthur Tollefsen  2. vararepresentant Sp
Knut Sveinung Forgard 1. vararepresentant KrF
Olga Forgard Oliegreen 2. vararepresentant KrF
Laura Thorsland 3. vararepresentant KrF

Oppgåver og ansvarsområde for Formannskapet

Forutan det ansvaret og dei gjeremål som er pålagde formannskapet etter kommunelova, har formannskapet fylgjande ansvarsområde og gjeremål:

  • Styring og leiing
  • Samfunnsutvikling
  • Overordna økonomiforvaltning
  • Arbeidsgjevarrolla
  • Samfunnstryggleik og beredskap
  • Uttale til høyringar
  • Godkjenning av anbod med verdi over 1,3 MNOK eks.mva. før dei leggast offentleg ut
  • Skjenke-, sals- og serveringsbevilling
  • Kommunen si klagenemnd for klager på planvedtak etter reglane i plan- og bygningslova, før ev. oversending til Statsforvaltar
  • Andre saker som naturleg ikkje høyrer under hovudutvala sine arbeidsområde
     

Formannskapet har vedtaksmynde i enkeltsaker i medhald av delegeringsreglementet. 

Formannskapet kan delegere mynde til kommunedirektøren i saker av ikkje-prinsipiell karakter i medhald av kommunelova § 13-1 sjette ledd. 

Formannskapet skal vere ordførarens konsultative organ i saker som ordførar ønskjer å forankre i eit breiare politisk miljø. 

Formannskapet har òg funksjon som administrasjonsutval (+ 2 representantar frå dei tilsette), klagenemnd og valstyre. Desse har eigne reglement. 

Vedtaksmynde 
Formannskapet tek avgjerd i alle saker som ikkje vert avgjort av kommunestyret, og i saker som ikkje vert avgjort i andre organ etter lov eller delegert mynde. Dette gjeld òg fråsegner og tilrådingar til KS, fylkeskommunale og statlege organ m.m. 

Hastesaker 
Formannskapet kan gjere vedtak i hastesaker som skulle vore avgjort av kommunestyret eller anna kommunalt utval, når det er nødvendig at vedtak vert gjort så raskt at det ikkje er tid til å kalle inn kommunestyret eller anna utval til møte, jf. kommunelova § 11-8 første ledd. Vedtak som vert gjort i medhald av denne fullmakta skal refererast for kommunestyret/utvalet i deira neste møte. 

Innstillingsrett til kommunestyret 
Formannskapet innstiller til kommunestyret i fylgjande saker: • økonomiplan, årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding i medhald av kommunelova § 14-3 tredje ledd • periodiske endringar/justeringar av økonomiplan/årsbudsjett • endringar/justeringar i økonomiplan, årsbudsjett i samsvar med Åseral kommune sitt økonomireglement • rapportering i samsvar med Åseral kommune sitt økonomireglement • overordna saker etter plan- og bygningslova • alle andre saker som kommunestyret eller ordføraren ikkje har bestemt skal gå direkte frå hovudutvala 

Saksbehandling 
Saksbehandling i formannskapet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt reglement for saksbehandling i folkevalde organ.

https://aseral.kommune.no/_f/p1/i5c241c5f-ed8c-44c1-bf72-4fb9e6f3567b/overordna-reglement-for-folkevalde-og-andre-kommunale-organ-i-aseral-kommune.pdf

Formannskapet sine ekstra funksjonar

Formannskapet har òg funksjon som Administrasjonsutval (+ 2 arbeidstakarrepresentantar),  klagenemnd, hasteutval, Overordna miljøutval, Likestillingsutval og valutval.