Oppgåver og ansvarsområde for Formannskapet
Forutan det ansvaret og dei gjeremål som er pålagde formannskapet etter kommunelova, har formannskapet fylgjande ansvarsområde og gjeremål:
- Styring og leiing
- Samfunnsutvikling
- Overordna økonomiforvaltning
- Arbeidsgjevarrolla
- Samfunnstryggleik og beredskap
- Uttale til høyringar
- Godkjenning av anbod med verdi over 1,3 MNOK eks.mva. før dei leggast offentleg ut
- Skjenke-, sals- og serveringsbevilling
- Kommunen si klagenemnd for klager på planvedtak etter reglane i plan- og bygningslova, før ev. oversending til Statsforvaltar
- Andre saker som naturleg ikkje høyrer under hovudutvala sine arbeidsområde
Formannskapet har vedtaksmynde i enkeltsaker i medhald av delegeringsreglementet.
Formannskapet kan delegere mynde til kommunedirektøren i saker av ikkje-prinsipiell karakter i medhald av kommunelova § 13-1 sjette ledd.
Formannskapet skal vere ordførarens konsultative organ i saker som ordførar ønskjer å forankre i eit breiare politisk miljø.
Formannskapet har òg funksjon som administrasjonsutval (+ 2 representantar frå dei tilsette), klagenemnd og valstyre. Desse har eigne reglement.
Vedtaksmynde
Formannskapet tek avgjerd i alle saker som ikkje vert avgjort av kommunestyret, og i saker som ikkje vert avgjort i andre organ etter lov eller delegert mynde. Dette gjeld òg fråsegner og tilrådingar til KS, fylkeskommunale og statlege organ m.m.
Hastesaker
Formannskapet kan gjere vedtak i hastesaker som skulle vore avgjort av kommunestyret eller anna kommunalt utval, når det er nødvendig at vedtak vert gjort så raskt at det ikkje er tid til å kalle inn kommunestyret eller anna utval til møte, jf. kommunelova § 11-8 første ledd. Vedtak som vert gjort i medhald av denne fullmakta skal refererast for kommunestyret/utvalet i deira neste møte.
Innstillingsrett til kommunestyret
Formannskapet innstiller til kommunestyret i fylgjande saker: • økonomiplan, årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding i medhald av kommunelova § 14-3 tredje ledd • periodiske endringar/justeringar av økonomiplan/årsbudsjett • endringar/justeringar i økonomiplan, årsbudsjett i samsvar med Åseral kommune sitt økonomireglement • rapportering i samsvar med Åseral kommune sitt økonomireglement • overordna saker etter plan- og bygningslova • alle andre saker som kommunestyret eller ordføraren ikkje har bestemt skal gå direkte frå hovudutvala
Saksbehandling
Saksbehandling i formannskapet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt reglement for saksbehandling i folkevalde organ.
https://aseral.kommune.no/_f/p1/i5c241c5f-ed8c-44c1-bf72-4fb9e6f3567b/overordna-reglement-for-folkevalde-og-andre-kommunale-organ-i-aseral-kommune.pdf
Formannskapet sine ekstra funksjonar
Formannskapet har òg funksjon som Administrasjonsutval (+ 2 arbeidstakarrepresentantar), klagenemnd, hasteutval, Overordna miljøutval, Likestillingsutval og valutval.
Namn | Tittel | | Parti |
---|
Inger Lise Lund Stulien | Ordførar | inger.lise.lund.stulien@aseral.kommune.no | Ap |
Bjarne Haugstad | Varaordførar | Bjarne.Haugstad@politiker-aseral.no | Høgre |
Inger Lise Austrud | Medlem | Inger.Lise.Austrud@politiker-aseral.no | Ap |
Jan Stangvik | Medlem | Jan.Stangvik@politiker-aseral.no | KrF |
Oddmund Ljosland | Medlem | Oddmund.Ljosland@politiker-aseral.no | Sp |
Sigbjørn Heggdal | | 1. vararepresentant | Ap |
Roger Thorsland | | 2. vararepresentant | Ap |
Natalie Smeland Sannes | | 3. vararepresentant | Ap |
Odd Hallvard Kjellby | | 1. vararepresentant | Høgre |
Willy Hodne Murbræch | | 2. vararepresentant | Høgre |
Tore Forgard | | 1. vararepresentant | Sp |
Arthur Tollefsen | | 2. vararepresentant | Sp |
| | | |
Knut Sveinung Forgard | | 1. vararepresentant | KrF |
Olga Forgard Oliegreen | | 2. vararepresentant | KrF |
Laura Thorsland | | 3. vararepresentant | |