Grensejustering

Eigedomar som har felles grense kan justere denne grensa etter eige ønske. Det er berre mindre areal som kan justerast etter reglane om grensejustering.

Om du og naboen din er samde om å justere grensa, kan denne justerast. Grensejustering er meint å vere eit tiltak for å kunne rette opp og gjere grensa meir føremålstenleg. Rekvisisjon (bestilling) av grensejustering skal sendast til kommunen.

Vilkår

  • Partane må vere samde om grensejusteringa og skrive under på rekvisisjonen.
  • Området kan justerast med opptil 5 % av den minste eigedommen sitt område.
  • Maksimalt kan det justerast 500 m2.
  • Ein eigedom kan likevel ikkje avstå område som samla overstig 20 % av eigedommens område før justeringa (sum av fleire justeringar).
  • Verdien på eigedommen kan ikkje reduserast med meir enn folketrygdas grunnbeløp på 1G.
  • Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.
  • Om det er snakk om større område må det søkast om områdeoverføring eller frådeling av eigedom med påfølgjande samanslåing.

Kven kan rekvirere (bestille)

  • Eigarar (heimelshavarar) av eigedomane som skal grensejusterast.
  • Alle involverte eigarar må skrive under på rekvisisjonen.

Korleis rekvirere (bestille)

  • Følgande dokument må sendast inn:
  • Ferdigutfylt skjema (for skjema, trykk (HER)
  • Situasjonskart. Teikn inn ny grense.
  • Verdianslag for involverte eigedomar.
  • Om eigar av eigedomen er eit firma, må gyldig firmaattest sendast inn saman med rekvisisjonen.

Handsaming

  • Rekvisisjonen blir kontrollert og eventuelle feil/manglar blir påpeikt.
  • Når rekvisisjonen er komplett, blir det sendt varsel om oppmålingsforretning ut til partane, minimum 14 dagar før oppmålingsforretninga skal haldast.
  • Ved oppmålingsforretninga blir eksisterande grenser avklart og nye grenser merkte og målt
  • Nye grenser blir ført i matrikkelen
  • Det blir til slutt sendt ut matrikkelbrev til involverte partar.

Aktuelle lenker

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta