Bygg/tiltak utan søknadsplikt, plan- og bygningslova § 20-5Fleire tiltak er friteke søknadsplikt, nokre skal meldast inn i etterkant. (Skjema som kan brukast ved innmelding finn du her.)Du må uansett alltid vite kva reguleringsplanen tillet og gjev av moglegheiter der du ynskjer å setje i gang arbeid.Sjå SAK-10 med rettleiing for meir utfyllande informasjon. Ved tvil, ta kontakt med kommunen for ei avklaring. Type tiltak:Frittliggande bygning på bebygd eigedom som ikkje skal brukast til varig opphald eller bustadføremål inntil 50 m2 BRA eller BYA. Mønehøgde inntil 4 m, gesimshøgde inntil 3 m. Skal plasserast minst 1 meter frå nabogrense. (Ver merksam på at mange reguleringsplanar sett avgrensingar når det gjeld storleik.) Skal meldast inn i etterkant. Mindre tilbygg inntil 15 kvadrat BRA eller BYA. Tilbygget må vere understøtta og kan ikkje overstige to etasjar eller plan på det eksisterande bygget. Skal meldast inn i etterkant.Terrasse med høgde inntil 1 meter frå eksisterande terreng. Må vere forbunde med ein bygning og ikkje stikke lengre ut frå bygningen sitt fasadeliv enn 4 meter. Kan ikkje vere overbygd og avstanden til nabogrensa skal vere minst 1 meter. (Ver merksam på at terrasse som er høgare enn 0,5 meter skal reknast med i BYA. )Levegg med høgd inntil 1,8 meter og lengd inntil 10 meter. Avstand til nabogrense 1 meter. Levegg med høgd inntil 1,8 meter og lengd inntil 5 meter, kan plasserast inntil nabogrense. Mindre fasadeendring utan at bygningen sin eksteriørmessige karakter vert endraMindre endringar etter kommunen sitt skjønnOppsett av badestamp, jacuzzi eller linknande som ikkje er kopla til offentleg avløpsnettMindre støttemurarMindre fyllingarOppsett av skilt inntil 3 meter montert på veggAntennesystem inntil 5 meterGraving av grøfter, hugs tillating frå grunneigarDreneringOppføring/riving innafor ei bueiningEndring av sanitærinstallasjonar innan ei bueining