Elektronisk Fakturering i EHF-format
Send faktura elektronisk i EHF-format. Åseral kommune er ein offentleg verksemd og skal motta faktura elektronisk i EHF-format. Leverandørar som sender EHF-faktura til kommunen må sikre at fakturaen er i samsvar med kommunen sin standard som er skildra under.
Kommunen sitt Organisasjonsnummer
Bruk kommunen sitt organisasjonsnummer 964 966 842.
Alternative Format og Kontaktinformasjon
Skulle ikkje dette vere mogleg ber vi om at den blir sendt som pdf-fil til e-post faktura@aseral.kommune.no.
Merknader til Faktura
Merknader til faktura. Faktura skal merkjast med både profil-ID og fullt namn på bestillar.
Profil-ID og Fullt Namn på Bestillar
Profil-Id: Alle fakturaer skal merkast med korrekt profil-id til ansvarleg fakturahandsamar. Dette er eit sekssifra tal som baserar seg på ansvaret til bestillar. Bestillar skal opplysa om profil.id.nummeret ved bestilling. Profil-id skal stå oppgjeve under feltet «dykkar ref.» eller «invoice/buyers referance» på EHF-fakturaen. Det er viktig at bare sjølve nummeret står i feltet «Dykkar ref.» for at fakturaen skal få treff.
Fullt namn på bestillar: I tillegg skal fakturaer merkast med fullt namn på bestillar, og annan vesentleg informasjon for fakturahandsaminga, til dømes «prosjektnummer».
Betalingsfristar
Betalingsfristar på fakturaer til Åseral kommune skal vere på 30 dagar.
Fakturaadresse
Åseral kommune sin fakturaadresse er:
Åseral kommune
Gardsvegen 68
4540 Åseral
Korrigering av Faktura
Korrigering: Dersom det skulle være nødvendig å korrigere ein faktura etter utsending, skal det gjevast ut ein kreditnota, samt ein ny korrekt faktura etter gjeldande krav skildra på denne sida.
Fakturaer som ikkje tilfredsstille krav
Kommunen vil vurdere å avvise og returnere fakturaer som ikkje tilfredsstille kommunen sine krav til merking, innhald, format eller betalingsbetingelsar.
Kontakt ved Spørsmål
Har du ytterlegere spørsmål som gjeld faktura kan du sende ein e-post til: faktura@aseral.kommune.no