Nytt tilbod i Kulturskulen - gratis prøveperiode fram til jol
Har du lyst til å lære eit blåseinstrument? No tilbyr Kulturskulen opplæring i saksofon, trombone og fleire messinginstrument som kornett, horn, baryton og tuba.
Tilbodet passar både for nybyrjarar og dei som har spelt litt frå før. Det blir også enkel notelære, og dersom interessa er stor nok, kan vi starte eit lite aspirantkorps.
Vi tilbyr ein prøveperiode fram til jol med oppstart fortløpande (kostnadsfritt).
Undervisningsdag er måndag.
Ordinært opptak til vårsemesteret har søknadsfrist 15. desember.
Ta kontakt med kulturskulen eller direkte med lærar Christina Rasmussen (938 29 467) dersom du vil vite meir eller melde deg på!