StøttekontaktTenesta skal leggje til rette for at personar som har behov for det, får ei aktiv og meiningsfull fritid, og er retta mot den som ikkje kan ta omsorg for seg sjølv, eller den som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp. Føremålet med tenestaIndividuell tilrettelegging slik at brukaren kan delta i ulike fritidsaktivitetar/tilbodUtvide brukaren sitt sosiale nettverkGje brukaren kontakt og støtte på eigne premissarTilbodet blir tildelt etter søknad, og er eit gratis tilbod.Kriterier for tildelingFørebyggje/bryte ned sosial isolasjonVedlikehald/meistring av sosial kompetanseDu kan søke sjølv, eller via lege, heimeteneste eller sjukehus.Søknad om helse- og omsorgstenester i Åseral kommune (PDF, 382 kB)Sakshandsamar ved Psykisk helse vel ut støttekontakt saman med deg.