Skulestart

Borna startar vanlegvis i grunnskulen det kalenderåret dei fyller 6 år. Du kan søkje om tidlegare eller utsett skulestart, jf. opplæringslova § 2-4. Ta gjerne kontakt med skulen om du har spørsmål.

Ny innbyggjar i kommunen?

Først og fremst vil vi ynskje deg velkommen til kommunen. Du må gje beskjed til din noverande skule om kor du skal flytte, slik at nødvendig informasjon kan overførast frå din gamle skule til den nye skulen. Du treng ikkje søke om skulebyte ved flytting, men ta likevel kontakt med Åseral barne- og ungdomsskule.

Tidlegare skulestart

Tidlegare skulestart inneber skulestart det året barnet fyller 5 år. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle 5 år i perioden frå 1. januar til 31. mars. 

Søknadsfrist for tidleg skulestart er 1. februar det året barnet fyller 5 år.

Slik søkjer du om tidlegare skulestart

Om du ønskjer å søke om tidlegare skulestart for barnet, kan du sende ein søknad til Åseral kommune.

  • Åseral kommune vil på grunnlag av søknaden ta kontakt med Midt-Agder PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) for utarbeiding av ei sakkyndig vurdering.
  • PPT utarbeider sakkyndig vurdering og sender denne til dykk og til kommunen.
  • Når sakkyndig vurdering er motteke og søknaden vurdert vil du motta eit grunngjeve vedtak. Her framgår også informasjon om klagerett.

Bestill sakkyndig vurdering sjølv

Om du ønskjer å få vurdert om barnet er modent nok til å byrje på skulen, kan du kontakte Midt-Agder PPT.

Finn informasjon om korleis du kontakter Midt-Agder PPT på vertskommunen Vennesla si nettside.

Slik går du frem vidare:

  • Når PPT har skrive ein sakkyndig vurdering, kan du sende ein grunngjeve søknad til kommunen. Den sakkyndige vurderinga må leggjast ved søknaden. Hugs å ta kontakt med PPT i god tid før søknadsfristen.
  • Når søknaden er vurdert vil du motta eit grunngjeve vedtak. Her framgår også informasjon om klagerett.

Utsatt skulestart

Utsatt skulestart inneber skulestart det året barnet fyller 7 år.

Barnet har rett til utsatt skulestart viss det, etter sakkyndig vurdering frå PPT, er tvil om barnet har kome nok langt i si utvikling til å starte på skulen.

Søknadsfrist for utsatt skulestart er 1. februar det året barnet fyller 6 år.

Slik søkjer du om utsatt skulestart

Om du ønskjer å søke om utsatt skulestart for barnet, kan du sende ein søknad til Åseral kommune.

  • Åseral kommune vil på grunnlag av søknaden ta kontakt med Midt-Agder PPT for utarbeiding av ei sakkyndig vurdering.
  • PPT utarbeider sakkyndig vurdering og sender denne til dykk og til kommunen.
  • Når sakkyndig vurdering er motteke og søknaden vurdert, vil du motta eit grunngjeve vedtak. Her framgår også informasjon om klagerett.

Bestill sakkyndig vurdering sjølv

Om du ønskjer å få vurdert om barnet bør utsetje skulestarten, kan du kontakte Midt-Agder PPT.

Finn informasjon om korleis du kontakter Midt-Agder PPT på vertskommunen Vennesla si nettside.

Slik går du frem vidare:

  • Når PPT har skrive ein sakkyndig vurdering, kan du sende ein grunngjeve søknad til kommunen. Den sakkyndige vurderinga må leggjast ved søknaden. Hugs å ta kontakt med PPT i god tid før søknadsfristen.
  • Når søknaden er vurdert vil du motta eit grunngjeve vedtak. Her framgår også informasjon om klagerett.